Gitvola, Løten (08.02.2019)


Duration 2h 30min
Distance 13.1km
Vertical meters 256m
GPS
Ascents Gitvola (851m) 08.02.2019 14:20
Visits of other PBEs Gitvola p-plass (705m) 08.02.2019 14:20

På dåpstur til Trysil peika dette seg ut som ein handterbar topp,tidsmessig.

Etter å ha "mikka" seg gjennom alle rundkøyringar og eksotiske variantar GPS'en ikkje forstod (frå Gjøvik) noko av fann vi traséen til Gåsbu skisenter og vidare innover på nybrøytte skogsbilvegar til rett forbi Brummundsætra der det er god parkering og start på flott skiløype.
Snøen hang tjukt på trærne og lyset var lavt med sol og blå himmel, ein eventyrdag med ca. -7 grader. Etter ca 3 km såg vi løypa mot toppen, ikkje merka og ikkje køyrd opp etter siste snøfall, så vi sklei ned til staden Gitvola i staden og sjekka ut om det var OK å gå frå der. Med joggepinnar på beina og ein halv meter nysnø vart det forkasta så vi gjekk opp att til avstikkaren og fulgte merka løype mot toppen. Trærne lagde mange herlige figurar med all snøen, vinden tok seg pikkyrlig opp, men ved ankomst torget var stemningen god og utsikten framifrå.
Etter ei skjeve i tårnet, signer og undring over skiltet med dei lidande langt attende i tid sklei vi ned att på «verdsmeisterføre» og att preppa løype til bilen. Ein herlig vinterdag i Alf Prøysens eplehage.

Tid: 2t 31min med omtur og 10-15min på toppen.
Dagens dyr: spor i snøen etter elg, hare, rev, rype++

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.