Rambergåsen, Moss (01.08.2018)


Turlengde 0t 24min
Distanse 1,2km
Høydemeter 49m
GPS
Bestigninger Rambergåsen (140moh) 01.08.2018 14:41
Andre besøkte PBE'er Rambergveien parkering (105moh) 01.08.2018 14:31

Etter kjekt vennebesøk i Moss og ein sjeldan runde på svenskehandel rakk vi ein kjapp kommunetopp før ferga til Horten. Vi tok parkeringa ved Ramberg gravplass vha gps og stoppa der ein ikkje kunne køyre lenger. Her var det lett rusling til toppen via nordenden av tjernet. Vi brukte bevisst ikkje sporing, men trudde masten vi såg frå parkeringsplassen var toppen. Det var den ikkje. Skiltinga var litt ufin rett før åstoppen så vi surra litt fram og attende før eg sjekka med PB-appen, den var just i nabolaget!
Ingen utsikt, eit par kjappe bilete, før tur den andre vegen ned att påsørsida av tjernet. Ein augestikkar der var einaste vesen på turen, sett bort frå ei jente med crossfit t-skjorte. Så var det rett ned til Bastøferga og på veg mot den korrigerte toppen til Tjøme og ei hule vi ikkje viste om.

VarmtTotaltid: 21min
Dagens tips! Ta ein gå-/joggetur t/r Bjørnåsen for å sjå litt meir av Moss
Dagens dyr! Augestikkar

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.