Snønipa, Gloppen (29.03.2018)


Start point Utvikfjellet (639m)
Endpoint Instesvingen (324m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 12h 24min
Distance 41.2km
Vertical meters 1,721m
GPS

To år på rad hadde denne forlorne påskeharen styrt unna våre kvasse kommunetoppklør. No var det slutt.
Me starta 07:35 Skjærtorsdag frå Utvikfjellet på det som er den tradisjonelle ruta til Snønipa. Det var relativt stor rasfare i fjellet (vedvarande, ustabile snølag) og dette vart vurdert som den tryggaste ruta konsekvent under 30 grader.
Me runda trekket i nordre kant, inn til doen på Støyvastøylen så folk fekk tømt tanken (og tankane) og fulgte den nypreppa sporet mot Svartebotnen. Nord for Sanddalsstølen gjekk det spor i riktig retning som passa godt med våre planar. Så vi vurderte skredfaren som akseptabel direkte opp nordaust på Steinheia for så å dra direkte aust opp på Myklebustbreen. Der var tendensar til «koffertsnø» her, men ikkje noko me ikkje hadde sett før.
Vel oppe på breen tipsa vår ekstra lokalkjende om at det var smart å halde på austsida av 1736 tross at sporet gjekk vest for toppen. Etter ein rast inkludert torsk-i-karri(sjølvsagt) og litt labbing kom sjølvaste Snønipa fram i det fjerne. For fjern var den. Punkt 1710 var berre ein skugge av seg sjølv så me rann og staka og labba direkte sørover mot nipa. Sakte, men sikkert nærma den seg og med litt klyving mot slutten og hakking i hard snø/litt is dei siste metra (tips! Isøks/stegjern) stop me på nemesisen vår og inhalerte stort sett heile S&F. Her var Storehesten og Josten og Lodalskåpa og meir til. Snasent.
Heimattate vart som alltid lenger enn turen til, men utan dramatiske fjellskifall sett bort frå ein «faceplant» hjå underteikna. Vel oppe i preppa løype att kryssa me vest om Nuken og krusa ned mot Verlostøylen og instesvingen kor det var plassert eit køyretøy. Eit godt vegval ned att om ein ikkje er sugen på unødig labbing opp att og likar fjordutsikt, men hugs å halde mot venstre etter Nukaflata nedover (ikkje tap for mykje høgde her).
Sletne skrottar godt nøgd etter 12,5 timar på tur. Det var den dagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.