Blåskavlen, Aurland (12.07.2017)


Duration 2h 06min
Distance 10.6km
Vertical meters 532m
GPS
Ascents Blåskavlen (1,809m) 12.07.2017 14:06

På veg heim frå kundeoppdrag i Sunndal var planen ein topp i Rondane, men dårlig ver her leda ein vestover. Overnatta ved Ryfoss og køyre 2 timar via Lærdal opp Aurlandsfjellet før stopp nord for Hornsvatnet, lett å finne parkering.
Var planen å springe via Høgåsen P-plass for lenger og finare tur, men veret skulle verte dårligare, og eg byrja å renne tom for tid så vart kjappaste trasé (dette er i eplehage, så kjem attende her).
Var også planen å springe heile ruta, men turen til LitjKalkinn 2 dagar før hadde forsura lår og leggar noko kraftig så vart dels labbing i bratta i starten før ein kunne jobbe på bortover breen (ingen sprekkar, ingen fareteikn).
Var tåke i øvste del så måtte bruke kompasset ein del på slutten for å trygge inngang. Kom opp etter 1t 13min i blaut snø til inga utsikt, men med god stemning. Ingen andre her sidan juni i følgje boka, eg var der 9 minutt og gleda meg til snøjogginga ned att. Det er alltid kjekt.
Fulgte samme ruta ned att stort sett, fann masse snø og koste meg. Kom ned att etter 2timar 3minutt til turistar i bilane sine som såg rart på meg og smilte blygt.
Stoppa ein tur innom Stegastein på veg ned og kom meg så heim til Bergen.
Vil gjerne attende her og få meir ut av massivet. Eg ser utsikta også kan vere formidable...

Dagens dyr: stormygg på isbre og tanngard til ein sau i varden.

ps. Som de ser av sporing heldt eg på å få ein stygg feilnavigering på veg ned att i tåka. Tok meg inn att i tide.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.