Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Kvannefjellet/Jølster

Datum:
19.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:49h
Entfernung:
9,8km

Etter overnattinga på Kvannebakkbu tidlegare i veka, hadde eg panorama utsikt bort til Snønipa og Kvannefjellet. Det såg ut til å være nesten snøfritt. 2 toppar hadde eg igjen på 100 pf lista Jølster, og denne helga hadde eg bestemt meg for å gå dei. Kvannefjellet er nok fin også som skitur i kombinasjon med Snønipa og Hanekammen. Planen etter jobb denne fredagen, var å rekke over alle toppane ved Kvannefjellet. Overnatte i telt og så gå Sørøst for Jostebotnen 1731 neste dag. Undervegs i planen vart vi mange på tur og det var berre kjempestas. Men tidsplanen fekk ei ny vending og med litt sein start rakk vi ikkje siste toppen Kvannefjellet nord 1712 Det var då litt ergeleg skulle eg innrømme! Men eg hadde allerede bestemt meg raskt for å springe opp igjen på mandag etter >>>

Karte    

Tidenes tur til Kvannebakkbu ved Jostedalsbreen

Datum:
16.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
17,3km

Ein heller aktiv dag...men når godværet slår til og kontrastane er så vanvittige! Må ein berre gripe stundene og tida, der og då! Pakka sekken raskt med frokostniste, sovepose, kirsebær, vin og kaffe. Oppe ved Jostedalsbreen i total stille og åleine, til solnedgang i vest, nesten ein fullmåne over breen, blikkstille, sommervarmt og mange stjerneskudd...Det var berre ein hinsides naturopplevelse! Opp kl 06.00 til ein ny dag ilag med morgenstrålane i aust!

Karte    

Stryneskåla 1848

Datum:
14.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
17,4km

Etter gårsdagens løp og fest, var det flott å vakne opp til solstrålar og frukost på Loenfjord Hotell. Det var ikkje mykje å lure på då, restitusjonstur gjekk til Stryneskåla før biltur heim. Eg hadde ein anelse om att det ville bli kjekt å fotografere med skodda og sola eg såg der oppe.

Karte    

Skåla opp med ny vri!!

Datum:
13.08.2016
Entfernung:
16,4km

Litt spesielle forhold vart det på det 15 Skåla opp løpet, med målgang ved Skålavatnet 1142 moh. 5,7 km og 1125 hm. Eg for min del følte at løpet var noko amputert, sjølv om dei fleste nok tenkte det samme :) Det vart meir eller mindre ein rein spurtetappe opp til vatnet og ferdig løp, den kjekkaste delen av løpet til toppen var utelukka denne gangen. Men sjølv om værgudane hadde laga litt ekstra utfordringar, var folk fornøgde. Stor dugnadsinnsats var gjort for å få dette så bra som mulig etter forholda. Tiltross for amputert løp og håpet om ny personleg pers. er eg strålande nøgd med tid, 2 beste dame i klasse og 12 beste dame totalt. Fin avslutning om kvelden på Alexandra med høgtidleg premieutdeling og ein legendarisk grillfest. Mykje god mat og prat blant likesinna....temaet >>>

Karte    

Treningstur til Kvannebakkbu

Datum:
20.07.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:42h
Entfernung:
17,3km

Har vore litt dårleg vær i det siste og ein soldag er reine skjære vitaminsprøyta! Ei stund sia eg har vore oppom Kvannebakkbu, og lysta var no tilbake for å prøve å springe opp. Kroppen kjennast endelig restituert etter operasjonen tidlegare i år. Ferdig på jobb kl 14.00 så eg hadde framleis ein lang turdag føre meg i godværet. Starta ifrå Befring Kraftstasjon og ved parkeringa lengre oppe, sto det mange bilar. Ferietider, strålande vær og så er det jo ein indrefilet av eit naturområde i Jølster. Eg mumla noko om at det var litt varmt oppe i bakkane, då eg passerte ein turgåar! I forbifarta var han rask å svare at vi kan ikkje klage!! Nei, nei og atter nei og selfølgelig ikkje.... høyrde eg meg sjølv preike på vidare oppover! Skulle berre ønske eg hadde ein liter >>>

Karte    

Endelig vakre Hanekammen 1651 Grensetopp - Jølster & Stryn

Datum:
08.05.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:32h
Entfernung:
13,8km

Dette er ein topp som har vore tenkt lenge men først og fremst på ski ifrå Stardalen i Jølster. Denne helga vart det berre bestemt utifrå vær og delvis føre...Det var nok eigentleg ikkje det beste med tanke på skred denne ruta!! Ganske så sommervarmt var det og stor snøsmelting. Det hadde gått ein del store snøskred i Jotunheimen og det drønna bra i fjella i Stardalen også desse døgna. Rasa i fjellsidene høyrdast godt om kvelden og om natta ifrå teltet vårt i Stardalen. Men vi tenkte som så at dette vurderar vi undervegs, ta nokre snøprofilar og det er ingen skam å snu!! Vi var 8 stk som starta ifrå litt under parkeringa ved Haugastøylane. Mange var også på veg til Snønipa denne dagen i godværet. Ved vår første matpause oppe ved Storevatnet, braut sola fram og det >>>

Karte    

Kvannebakknova og Bjørga ved Jostedalsbreen

Datum:
10.04.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
8:00h
Entfernung:
23,2km

Skal være turleiar for denne rundturen søndag 24 April. Ei stund sidan eg har gått heile runda og tenkte at denne dagen måtte bli perfekt for å ta ein rekogniseringstur i forkant. Kjell Lyngstad hadde vore på ein aldri så liten rundtur dagen før på Bings gryte og ein liten svipptur innom Suppehellenipa. Han kunne då fortelle om tidenes silkeføre på breen, då eg var turklar i frå Stardalen slo Kjell følge. Dette er hans bakgård, eit treningsmekka og ei leikegrind i storslått urørt natur.

Karte    

Snønipa

Datum:
09.01.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
22,2km

Eg og Geir Arne har lenge snakka om å få til nokre fjelldagar i Jølster! Endeleg laga det seg ein muligheit for alle og jammen på tide etter snart 6 års bekjentskap å få til eit Jølster besøk :) Nydeleg ver var det meldt denne helga, litt snøfattig var det men det stoppar jo selfølgeleg ikkje toppgleda..;) Planen var å gå på Snønipa søndag ilag med Joar og Geir Arne. Men av ulike orsaker vart det ein rask bestemmelse om tur på lørdagen istadenfor. Etter ein 1/2 time pakking, ein rimeleg hektisk frukost og vi var turklar. Det var jo meldt ganske så kaldt denne dagen...men sidan innlandskrabben er vant med den temperaturen var det ikkje så mykje å lure på, verre var det for oss kystsamane!!! Joar som bur nærmast var komt inn litt før oss og starta turen oppover i roleg >>>

Grovabreen 1 Nyttårsdag i godt lag!

Datum:
01.01.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
10,5km

Etter ei stille og roleg nyttårsfeiring med påfølgande lang frukost 1 Nyttårsdag, nydeleg ver og eit lite melisdryss med snø. Så var det eit greit valg å legge turen til Grovabreen, ved å starte så høgt slepp ein gjerne å bære skia så langt! Vi starta å gå ifrå Dvergsdalen kl 15.00 og fekk vinter blåtimen som tilslutt gjekk over i ein tindrande stjernehimmel. Vi prøvde bevisst å ikkje bruke hodelyktene så langt som mulig og kom oss opp på breen uten. Det var eit perfekt føre å renne ned att, det lille melisdrysset hadde gjort underverk på den avblåste og skarete snøen! Fin tur ilag med Brit Siv F. og Stein P. A

Jølsterfjell 2 Juledag

Datum:
26.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
11,5km

Tradisjon tru....så satser vi på å få til fine fellesturar i Jula! Denne gangen var det berre perfekt føre, blikkstille på toppen, vintersolstrålar som varma og ein utruleg samkøyrt turgjeng :) Det var rett og slett tidenes drøm av ein tur, nedrenn og heimtur! Fint turfølge ilag med Brit Siv Fimland, Kjell Lyngstad, Ole Christian Solheim, Anna Tefre, Tom Richard Grimstad og Ingvald Kvåle

Karte