Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Solund på sitt beste :)

Dato:
17.04.2014
Turtype:
Fottur
Distanse:
21,4km

Starta på Hersvik ca kl 14.30 etter ein heimtur på Færøy. Brit Siv, Ola og Ingrid skulle komme med halv seks ferja til Krakhella og reise direkte til Råkehytta ved Hardbakke. Då hadde eg tid til ein liten rundtur på diverse Solund topper medan eg venta! :) Det ser ut til at det finnast 3 Husefjell i Sula.. Husefjellet 160 moh - Starth. 3 moh km 2,2 Totalstigning 184 m Urdanipa 133 moh - Starth. 62 moh 1,5 km Totalstigning 98 m Husefjellet 166 moh - Starth.11 moh 3,4 km Totalstigning 240 m Ulvegreina 448 moh Dumbetinden 459 moh og Salane 407 moh (I eit Gps logg) Starthøgde 94 moh 11 km Totalstigning 720 m Tid 1,50 t Ravnenipa 232 moh - Starth. 17 moh 3,3 km Totalstigning 262 m

Kart    

Heimtur og fjellturar i Solund :)

Dato:
15.04.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
9,0km

Nydelege meldingar til påske :) Savna havlufta heime, då er det berre å hive seg rundt når dei melder så strålande ver :) ingenting å vente med.... her ute er det veret som bestemmer!! Logistikken til Solund er ikkje som på fastlandet, ting tar tid og i høgtidsdagar er det oftast innstillt eller søndagsruter! Viktig å planlegge litt, men det går heilt fint når ein veit :) Så mellom rutene på utover reise frå Jølster, skal det gå med ein fjell topp mellom rutene .....Kan røpe at det gjekk med 10 min ;) Fordi eg måtte nyte utsikta i godveret og ta med Mednipa like ved :) Rota og nede i starten fordi eg fekk ein tlf samtale akkurat der ein bør vere litt ekstra oppmerksom på merkingar.. som mose grodde varder, røde prikker og skilt. Viktig for å komme rett til oppgangen >>>

Kart    

Langtur og treningstur til Supphellenipa i tidenes ver :)

Dato:
04.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:00t
Distanse:
43,8km

Kjell har vore på jobb i Nordsjøen denne flotte godversperioden som har vart sjeldant lenge her i distriktet:) Har misunt oss landkrabbe venner alle dei flotte ski og fjellrapportar både på peakbook og facebook....han har vakse opp med Jostedalsbreen i Stardalen som treningsarena, og er kjent i nærmiljøet for sin råheit og styrke når det gjeld treningskapasitet:) Eg tenkte nok at det kunne vere kjekt å få teste seg i trening ja... Vi er og fleire i ein gjeng som har jobba for vern av nasjonalparken med tanke spesiellt mot det nye tunnelprosjektet som er planlagt til 300 mill frå Kjøsnesfjorden i Jølster og opp mot Tverrfjellet og breen! og vi kjenner kvarandre gjennom dette. Siste dag med godver og muligheit til å kunne utnytte ei skikkeleg treningsøkt og tur i godveret på breen. >>>

Koldedalstinden & Hjelledalstinden ++

Dato:
13.10.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:15t
Distanse:
18,5km

Kart    

Dyrhaugstindane + Nørdre og Nest Nørdre Midtmaradalstindane

Dato:
15.08.2013
Turtype:
Fottur
Turlengde:
11:00t

Etter turen på Storen med retur tilbake via Søre Dyrhaugstinden den 20/7-13 Vart det satt att to toppar, Nørdre og Nest Nørdre Midtmaradalstind. Det er alltid litt "gnag" i sjela å måtte sette att noko...så ved første anledning og godvær bestemte eg meg for å reise inn att for å nå dei! Tenkte også att det var ei fin trening til Skåla løpet på lørdagen den 17.08. I ettertid tenker eg at det kanskje ikkje var den beste oppladinga til løpet, men eg hadde allikavel ein fantastisk fjelldag og det var det verdt :) Kom inn kvelden før og bestemte meg for å sove i bilen, ikkje så mange andre på parkeringa/teltplass ved Ringsbotnen enn ein vennegjeng på 4 karar frå Sandefjord. Dei hadde tenkt å gå Dyrhaugsryggen og hadde starta grytidleg neste dag, etter sein kveld >>>

Kart    

Treningstur Store Soleiebotntind

Dato:
14.08.2013
Distanse:
4,0km

Min andre tur til Store Soleiebotntind, artig sammentreff på denne turen, var samme dato som for eit år sidan! Ein fin Høgdetopp å trene til løp på, begge gongane i forkant av Skåla løp. Utruleg heldig med veret :):)

Kart    

Fanaråken Opp!

Dato:
10.08.2013
Turtype:
Løpetur
Distanse:
8,4km

Etter fine fjelldagar i Oppdal, kom eg litt seint kvelden før løpet og det vart overnatting i bilen.. ikkje heilt den beste søvnen og oppladinga til dagens løp... Men ein flott dag allikavel med stemning og ver, sola braut gjennom på Toppen! Hærleg dag :) Tid 1,24 og fornøgd :)

Kart    

Fremsta Ryssenipa

Dato:
26.07.2013
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:00t
Kart    

Fjell Lykke!! Store Skagastølstinden & Store Dyrhaugstinden

Dato:
20.07.2013
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
14:30t

Denne sommeren hadde eg bestemt meg for å bruke all ledig tid og godvers dagar som måtte komme til fjelltoppar i Jotunheimen. Også ein super treningsform med sekk og litt høgde i forkant av fjell løpa. Eit venne par frå Jølster har bygt seg hytte på Storehaug ved Turtagrø! Planen var å besøke dei og kombinere det med ein 2000 Topp iløpet av sommaren... Etter vermeldingane for denne helga var det berre greit, Svein og Mona var på Hytta, meldingane Canon Bra. Eg starta frå Eikås kl 04.30 plukka med meg ei veninne av dei undervegs, og tre timar seinare sto vi på hyttetrappa. Vi vart møtt med ny trekt kaffe og frukost. Noko som gjorde sus for dagens fjelltur:) kl 08.00 var eg og Svein klar for dagens tur! dei to andre ville ta rolegare tur i Skagastølsdalen og innom Tindeklubbhytta. >>>

Kart     1 kommentar

Treningstur Fanaråken

Dato:
25.06.2013
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
8,4km

Kart