Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Amlaholten - Sogndal

Dato:
09.01.2026
Distanse:
4,2km

Ein temmelig roleg tur i forkjølelse modus! På tur mot Lærdal sjukehus.

Kart    

Byrknesveten i Gulen & solnedgang!

Dato:
03.01.2026
Distanse:
3,0km

Det skulle skje mykje spennande aktivitet på himmelen i det nye året. Med diger solformørkelse, stjerneskudd, planetparade og nordlysaktivitet. Det vart eit utgangspunkt for å berre pakke bilen og reise ein eller anna plass for å oppleve litt av naturelementa. Byrknesveten vart toppen sporadisk og kjekt å være på tur igjen til denne flotte kyst toppen! Rakk akkurat solnedgangen! :) 12 minusgrader ute ved kysten og like kaldt heime i Jølster

Kart    

Amlaholten

Dato:
15.12.2025

Tur til Amlaholten i lag med Inge

Kart    

Gudalsfjellet - Færøy/Solund

Dato:
06.12.2025
Distanse:
5,9km
Kart    

Sågneskollen - Hyllestad

Dato:
05.12.2025
Distanse:
4,4km

God tid til ferja til Solund og heim til Færøy. Kjekt å ta turen oppom Sågneskollen igjen! Det er laga til parkering nedanfor garden og eg valgte å følge dei retnings linjene. Det var våt sti til toppen denne gang også og det går å knote litt med stien i eit par vende! :) Ellers fint å ha tida til å studere landskapet og kjente landområder ifrå toppen!

Kart    

Amlaholten - Sogndal

Dato:
13.11.2025
Distanse:
3,9km

Kart    

Amlaholten - Sogndal

Dato:
11.10.2025
Distanse:
4,0km

Kart    

Hesteggi med haustfarger!

Dato:
21.09.2025
Distanse:
8,2km

Finere ver i Sogndal enn Jølster og Miriam vart med på søndagstur. Miriam hadde sprunget halvmaraton dagen i forkant og ville ta ein kviledag. Ho valgte å stikke innom sin pappa som bur i området. Medan eg valgte å ta ein tur oppom Hesteggi i godveret. Den godt trakka stien og svaberga var våte etter regn tidlegere. Mykje folk å treffe på tur til Hesteggi. På toppen var det stille og fint og tid til å knipse nokre utsiktsbilder med lettare skydekke og skoddedis. Tok turen bortom den mindre varden på returen.

Kart    

Høgvagltindane i trollsk skodde!

Dato:
28.08.2025
Distanse:
16,1km

Etter gårsdagens fine tur til Rauddalstindane hadde eg og Brit Siv ein dag igjen før arbeid kaller. Ikkje fullt så heldig med veret og utsikta denne dagen. Men, likevel nok til at ein fekk sjå området rundt, når skodda letta litt på sløret. Vi gjekk litt etter GPS og ura var særdeles glatt å gå i under dagens tur. På Høgvaglbreen var det ein heldig skuleklasse, som fekk prøve seg over breen. Vi traff på dei i skaret mellom Vestre og Midtre Høgvagltinden. Eine breføreren kunne fortelle at det var blitt mykje meir laust og meir steinsprang opp og ved Vestre Høgvagltinden spesielt dei siste åra. Takker for nok ein fin tur Brit Siv

Kart    

Rauddalstindane i godt selskap!

Dato:
27.08.2025
Distanse:
19,8km

Endelig klaffa det med fri og fjelltid ilag igjen! No var vi begge sveltefora på dei gode gamle god turane! Turnus arbeid klaffer ikkje alltid med dagvakter og vestnorsk høgfjells ver! Rauddalstindane og Høgvagltindane sto på vårt turfellesskap med fint teltliv og som alltid den gode venne følelsen er der uansett! Det er faktisk det viktigaste av alt! https://www.youtube.com/watch?v=bMdeg-WKt1U&list=RDbMdeg-WKt1U&start_radio=1 https://peakbook.org/tour/596838/H%C3%B8gvagltindane+i+trollsk+skodde%21.html Takk for tur ilag Brit Siv Fimland

Kart