Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Slettheia - Fjaler/Hyllestad

Date:
07.04.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:37h
Distance:
5.8km
Map    

Mot haust og drømmedag på Jakta og Risenosa

Date:
31.03.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:27h
Distance:
13.8km

Enkelte turer setter fleire spor og minner enn andre! Sånn er det berre :) Dette er ein tur ifrå 17 som vart liggande som enkelt registrert i påvente av tid til bilder og ord. No kjem i alle fall bilder og litt tekst! Gps loggen min på denne turen forsvant ilag med den forrige Garmin gps eg hadde og som var ein kjær følgesvenn. Litt dårleg er eg på å lagre alle ting rundt omkring!! Men to fine turrapporter med logg har Endre Fjellsamleren (Endre Myrdal Olsen) https://peakbook.org/tour/235556/Drømmedag+på+Jakta+og+Risenosa.html og Jan Petter JPV100 (Jan Petter Vad) https://peakbook.org/tour/235572/Jakta+og+Risenosa.html Ein strålande turdag med trøkk og med nydelige løpssteg ut ifrå fjellet tilslutt! Takk til eit supersprekt turfølge og ikkje minst ein strålande dag i fjellet :) Geir Arne, Endre, Jan Petter, Øyvind, Johannes og Sven

Map    

Alskartinden & Gangeskaregga

Date:
04.03.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:37h
Distance:
10.2km

Trivelig tur ilag med Inge V.

Map     2 comments

Kleivafjellet/Jølster og Vikastøylen

Date:
26.02.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.1km

Planen idag var å fotografere Vikastøylen. Det gjekk fint å gå til fots opp på støylen. Vidare i vårleg slush snø til toppen av Kleivafjellet. Eit nydelig fint utkiksfjell til store deler av jølstrabygda. Ganske så vårleg temperatur 7-10 grader pluss. Trivelig turfølge med Knut Skurtveit. Min tangopartner på dei fine topper :)

Map    

Storm ved Stadlandet - Berstadhornet ++

Date:
23.02.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:29h
Distance:
10.5km

Hoddevika og fjella ved Stadtlandet er ein av dei plassane som for meg betyr mykje. Storhavet, naturkreftene og den nakne barske naturen tiltaler stort. Her ute er det fint å suse rundt på toppane og heile tida ha vidsynet ut mot storhavet. Kanskje det betyr mykje, fordi eg har vakse opp i karrige omgivelsar der vest. Ein finn i alle fall fred her ute til havdønningane og vinden som herskar! Var lysten til å prøve surfebrettet igjen, det er ei fin tid å surfe på denne tida når vinterstormane regjerer! Kjekt var det også å avslutte dagen med ei fin fjellrunde til ein nydelig solnedgang. Kveldsmaten var havdønningar, betasuppe, kvitvin og stjernehimmelen ilag med konturane av fjella som stig beint opp ifrå havet!

Map    

Grønstadliheia - Fjaler

Date:
21.02.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:52h
Distance:
4.8km
Map    

Ramsgrønova & Flateheia- Hyllestad/Fjaler

Date:
20.02.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:38h
Distance:
10.5km

Når skiforholda skrantar her inne i Jølstrafjella, er det fint å vite at det er meir barmark og joggeskoføre ikkje så langt ifrå der ute! Fin og roleg rundtur i vårsola :) Nydelig å sjå snøklokkene blomstre der ute, men det gjere dei for så vidt på Eikås i Jølster også...

Map    

Tindefjellet 1083 - Jølster

Date:
12.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.5km

Ein rask tur ifrå jobb! Sommervarmt og sterk kuling. Eg rakk turen nesten tørrskodd, før dei store nedbørsmengder opna sine sluser! Traff på ein ung kar med stor oppakning og engelsk talande. Han skulle gå over fjellet, han hadde ikkje vore på toppen før. Kjekt å treffe på sånne personer :)

Map    

Morgenstund har gull i munn! Eikåsnipa & Halvgjerda

Date:
11.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.4km

Ein super treningstur vart det idag ilag med Ottar Berg, ein av dei gode kamerater ifrå Jølster. Han ligg i opptrening til VM i handbak i Tyrkia for tida! Reiser no på lørdag, men hadde behov for ei treningsøkt til å knote seg ned eit par kg til 90 kg klassa. Han har starta Jølster-handbak klubb. Dei har gjort det særdeles godt på heimebane, Europamesterskap og ikkje minst på tidlegare VM. Blir spennande å sjå resultata ifrå VM i Tyrkia denne gangen. Masse Lykke til Jølster- handbak Klubb :)

Map    

Orkja/Jølster på veg til Sæbø

Date:
22.09.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.5km

Laang frukost i rufseveret! Sidan ein beinstrekk oppom Orkja før tur vidare til Sæbø og peakbooktreff ilag med trivelige turfolk!

Map