"Ein like stor opplevelse" Jostedalsbreen - Grensevarden! (20.05.2022)
Start point | Befring (338m) |
---|---|
Endpoint | Befring (342m) |
Characteristic | Backcountry skiing |
Duration | 10h 19min |
Distance | 35.5km |
Vertical meters | 1,714m |
GPS |
Ascents | Aust for Grensevarden (1,759m) | 20.05.2022 |
---|---|---|
Grensevarden (1,740m) | 20.05.2022 | |
Kaldekari (1,670m) | 20.05.2022 | |
Snoadvarden (1,520m) | 20.05.2022 | |
Visits of other PBEs | Kvannebakkbu (1,510m) | 20.05.2022 |
"Hvorfor skulle ikke hestehoven som spretter opp i grusen utenfor inngangsdøren kunne gi en like stor opplevelse som en palme på en strand i indonesia eller en saxifraga oppe i Jotunheimen" Arne Næss
Denne dagen kom og vart etter ein rimelig rask beslutning etter ver. Det fine gamle vennskapet var også førstespørsmålet med som turfølget mitt denne dagen i strålande ver.
Ein tur og eit turfølge som hadde og har stor betydning for meg personlig. Den personen som viste meg nærfjella i Jølster, deriblant det første 2K fjellet mitt, Store Austanbotntinden for så vidare rett avgårde til Marietinden og inspirasjon til andre større fjell som Aconcagua i Sør Amerika med så mykje meir. Snakk om å formidle den fine arven til den rette sjela :) Takk for at du var turfølget mitt også idag og kunne fortelle meg vidare historia og mange fleire opplevde detaljer om forandringane på breen. Du var også den som tok meg med på Jostedalsbreen på langs under 19 timer i godt selskap for eindel år tilbake. Du har mykje å fortelle som eg setter veldig stor pris på fordi det er vårt aller nærmaste nærområde og til den store gleda eg har dragning til. Fjella og breen her heime :)
Ein blir liten i denne sammenhengen!
Mot Kvannebakkbu
User comments
Vakker natur !
Written by Esone 25.05.2022 23:50Takk for bilder som viser fantastisk natur, og enorm kontrast til vårt daglege. Eg har enno ikkje vore på Jostedalsbreen, noko eg berre MÅ. Har svært lyst. Må følgje med på kva som blir arrangert. For her tenkjer eg at det er greitt å ha med seg kjentfolk.
Sv: Vakker natur !
Written by Eikås 26.05.2022 00:38Ja, då lyt du oppleve området her snart! Fin tid no framover :) Denne ruta er for så vidt grei! Men, til tross for at eg har vore eindel på tur åleine i området til ulike årstider. Kjenner eg nok på at det er ekstra stas å ha med turfølge. Skred går det også og det er jo komplekst til tider. Eg fekk nokre tips og tanker ifrå mitt tufølge på alle forandringer på nokre år på mulige sprekker. No endå ligg det eindel snø og gode forhold. Fleire turer innover breen blir det garantert! :)
Fantastisk landskap!
Written by Freeflex 25.05.2022 00:58..og veldig fine bilder du har dokumentert det med :)
Sv: Fantastisk landskap!
Written by Eikås 25.05.2022 23:28Tusen takk for trivelig tilbakemelding! :) Det er eit eller anna med den breen som lokkar og dreg! Når det er gått ei viss tid! Så kjenner ein på ei indre uforklarlig dragning, til å komme seg fortast mulig opp. Nesten ein akutt følelse!! :) Det var nok litt sånn for oss begge to i turfølget. Samt ein tur oppom Kvannebakkbu låg inne, for å sjå til at alt var ok der. Du lyt ta turen i desse trakter også :)
Sv: Sv: Fantastisk landskap!
Written by Freeflex 25.05.2022 23:45Skjønar kva du meiner, dette med en litt akutte følelsen. Ein dag i høgfjellet og på bre er litt som ein dag på ein annan planet. Ein føler nesten ein har vore på ferie. Travers av Skridulaupen tidligare i vår over skydekket var litt slik, Gjegnen på 17.mai og. Turane som varer, eller turane som tel som enkelte seier.