Men, likevel nydelig & betydelig...Bilder vart vakre fjell & atter vakre fjell :)
Etter tur til Skålanosi 1567 & Øljuhalsane 1517 moh Lærdal gjekk ferda rett inn til Lustrafjell. Starta Langfredag med frukost i solvarmen nede ved Lustrafjorden med primus. Himmelsk lakseskive og nytrekt kaffe med skue og lyder av eit sikkert vårteikn, tjelden og ein bedagelig oter som leika i fjøresteinane! Sånne opplevelser er hjartefølelsen, før ein i neste trinn starter dagens turmål ifrå rundkøyringa ved Turtagrø hotell. Etter tur var planen å stikke innom ein god fjellkompis på hytta som han og familien har bygd like ved Turtagrø Hotel. Mange gode turminner i fjellet ilag med Svein. https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html
Simlenosi hadde eg i utgangspunktet tenkt kanskje som ein løpstur undervegs til eit anna turmål. Men, er glad for at eg valgte den som dagens einaste turmål i ein litt anna variant av tur og som ein fjellskitur med litt ymse føre. Til fots i mine tanker er den plankekjør! "Då meiner eg ikkje å være ovenpå" Inn Helgedalen ifrå Turtagrø Hotell og til toppen av Fannaråken har eg sprunget eindel ganger på motbakkeløp. Men, å oppleve denne toppen midt imellom dei store bautaene på vinterstid er ein nydelig vakker kontrast tur og opplevelse! Vegen over Sognefjellet til denne påska 2021 var stengt. Noko mindre med folk i området i motsetning av det som er vanlig til desse tider! Dei som gjekk var på veg mot Dyrhaugsryggen ifrå dette utgangspunktet.
Bestemte oss for å bruke dagen i lange drag med fine fotopauser, tid til å nyte nista, eit hav av ryper i Helgedalen! :) Studere alle dei fine fjell linjene og kontrastane som vinterkappa gav dei nydelige tindane, fjella og breen.
Eg kjenner på ein storheitsfølelse å kunne få oppleve dette livet å være på toppane...sove i teltet langt ifrå all menneskelig støy. Nyte stilla, utsikta, minusgrader, blikkstille og ein legendarisk klar stjernehimmel i løpet av natta <3
User comments