Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Favorittopper
Hananipa
- Dato:
- 12.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 6,0km
Turen til Hananipa frå Skulstadvegen er ei perle av ein tur! Me gjekk ein tysdag føremiddag i haustferien, så det var ikkje så mange andre ute og gjekk, så me fann ledig parkering på den vesle parkeringsplassen oppe ved den siste garden i Skulstadvegen. Me følgde vegen, gjennom grinda, til endes ved Skulstadvatnet. Her følgde me skilta til venstre langs vatnet og opp i lia. Veret var aldeles nydeleg, kaldt og stilt og sol frå klår himmel. Etter kvart som me steig i høgda, låg frosten framleis på marka, og vel oppe var det godt å ta på både lue og vantar. Utsikta frå Hananipa er rett og slett storslått: Sørfjorden ligg nedanfor, stupbratt beint ned, Osterøy tvers over. Uansett kor du snur deg, ser du langt og lenger enn langt. Det er ikkje mange turar eg har gått som har >>>
Nordfjell i Kvinnherad
- Dato:
- 11.10.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 6,0km
Måndag i haustferien tok me turen nordover til Kvinnherad. Planen var å gå til Kviteggjo sør for Rosendal, men det viste seg at ferjene mellom Skålevik og Matre ikkje gjekk så ofte, og når vermeldingane for ettermiddagen var heller elendige, bestemte me oss for å ta over fjorden til Utåker i staden og heller finne ein tur der slik at me kom oss avgarde mens veret enno var OK. Valet fall då på Nordfjell mellom Utåker og Husnes. Me svingte av ved Valen sjukehus og parkerte på ein parkeringsplass like ovanfor sjukehuset. Herfrå følgde me grusveg og traktorveg oppover skråninga. I stiskiljet eit stykke oppe tok me til høgre og passerte hytta på Oldebotn. Me fortsatte oppover, og oppe på flaten over tregrensa kom me til eit nytt stiskilje. No tok me til venstre i staden for å >>>