Archiv - Nach Datum
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
Lieblingsgipfel
Marsteinfjellet
- Datum:
- 26.09.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 9,0km
Me kom litt seint avgarde denne søndag ettermiddagen, så sola som hadde vore framme før på dagen, forsvann bak skyene, og det kom òg litt yr på veg opp. Men heldigvis heldt skodda seg vekke slik at me fekk eit inntrykk av den fantastiske utsikta over Ørsdalsvatnet som openberra seg då me kom på toppen. Dette er ein skikkeleg flott tur i nydeleg og variert terreng: skog, myr, små vatn, fjell. Turen kan gås som ein rundtur, men me gjekk fram og tilbake same veg - det funka fint det òg. Utsikta er jo annleis den andre vegen uansett!
Nonsknuten og Bukkaknuten
- Datum:
- 05.09.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 6,3km
3. gong gjeld det! Onsdag i påskeveka gjorde me fyrste forsøk på turen til Bukkaknuten og Nonsknuten - den gong med start frå Veraland. Vermeldinga viste rett nok skya, men langt fra den skodda som varte heile turen! Så det var ikkje så mykje me såg verken av utsikta utover fjorden eller ned i dalen. Så eg gjorde eit nytt forsøk ein formiddag eg hadde fri. Strålande sol heime i Stavanger då eg køyrde innover, men trur du ikkje skodda låg grauttjukk? Eg starta då frå Tengesdalsvatnet og gjekk berre til Nonsknuten før eg snudde - eg gadd rett og slett ikkje ta heile runden når eg ikkje såg ein skit likevel. Så, søndag 4. september var tredje forsøk. Denne gong var dei berømte vêrgudane med oss, og me fekk både sol og utsikt. Ein flott rundtur brått opp frå Tengesdalsvatnet, >>>
Løvstakken
- Datum:
- 04.09.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,0km
Av og til misunner eg bergensarane - ikkje for regnveret, men for turmoglegheitene dei har rett utanfor bykjerna! Så når ein dagstur til Bergen baud seg, greip eg sjansen. Ein køyretur på 4 timar kvar veg frå Stavanger var så absolutt verdt det når målet var ein tur til Løvstakken i strålande sol og sommarver!
Me parkerte på Melkeplassen og følgde merka tursti heile vegen fram. Du skal ikkje så veldig høgt opp i lia før utsikta viser seg. Så ikkje gløymt å sjå deg litt tilbake når du går oppover, ta gjerne ein pustepause på ein stein og nyt synet over Byfjorden. Turen opp til Løvtakken er ikkje lang, berre 2,5 km kvar veg, men turen er nydeleg - herleg terreng å gå i med godt tilrettelagt tursti.
Er det klårver, så bør kikkerten vere med i sekken. Eg klarte å sjå >>>