Archiv - Nach Datum
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
Lieblingsgipfel
Rakssætra
- Datum:
- 05.08.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,0km
Hotspoten på Insta måtte jo sjølvsagt òg besøkast når me var i området! Sjølv om eg hadde sett utallige blinkskot frå dette gardstunet, blei eg ikkje skuffa. Det er faktisk like vakkert i verkelegheita som det ser ut som på bileta! Fargespelet mellom den turkisblå fjorden, fjella, dei farga husa og dei grøne liene er berre magisk!
Sjølv tok me turen som ein kveldstur i håp om å unngå dei store menneskemengdene, og det trur eg var lurt. Me slapp i alle fall å gå i kø både opp og ned, og me fekk til og med steinbordet framfor dei eine leveggen for oss sjølv! Perfekt når me hadde middagsingrediensar med, og biffgryte blei laga i eit nasjonalromantisk postkort!
Segestad
- Datum:
- 05.08.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 3,0km
Eit pittelita perle av ein tur! Me parkerte mellom Glomnes og Hjelle på ein liten opparbeidd parkeringsplass , og følgde merka tursti oppover skråninga til den gamle fråflytta fjellgarden Segestad. Turen er nokså bratt, men når han er så kort som han er, så er du oppe på ein liten halvtime. Eller, me brukte noko lenger tid for me berre MÅTTE stoppe og nyte utsikta over det grønblå Oppstrynsvatnet fleire gongar. Det er berre så himla vakkert! Garden som ligg på ei fjellhylle, stupbratt ned til vatnet, er som sagt fråflytta, men var i si tid visstnok den største garden i området. I dag er han open på dagtid i sesongen, og hus og innventar er intakt. Veldig kjekt å sjå! Hadde me planlagt dagen vår litt annleis og vore klar over at me kunne gått lenger oppover for så å krysse Glomneselva >>>
Molden
- Datum:
- 04.08.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 8,0km
Etter mi meining er Molden i Luster ei perle får toppar kan måle seg med! Utsikta på toppen over den turkisblå Lusterfjorden er éin ting, men turen opp frå Krossen er berre ein så vakker tur! Ein går fyrst gjennom lauvskog og litt på grusveg, før ein slyngar seg oppover i terrenget igjen. Utsikta kjem etter kvart, og ved den gamle stølen Svarthiller er det heilt naturleg - og spør du meg, obligatorisk! - å ta ein pause og berre ta inn det vakre. Turen vidare oppover er heller ikkje spesielt tung, sjølv om det sjølvsagt er motbakke. Stien er god å gå på, så berre nyt det! Hald til høgre i eit umerka stiskilje når du nærmar deg toppen slik at du kan gå ut mot kanten ned mot Lusterfjorden og verkeleg ta inn utsikta. Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, står det på >>>
Prest
- Datum:
- 03.08.2021
Denne dagen skulle eigentleg vere "køyredagen" vår på ferieturen i Hardanger, Sogn og Nordfjord. Me skulle stoppe i Flåm og i Aurland og køyre gamlevegen over fjellet til Lærdal og ta livet med ro. Men kva når turfølget finn ut at det finst ein topp me kan gå til som ligg heilt langs ruta vår? Jau, då me må jo berre gå! Etter at me hadde stoppa på Stegastein og tatt dei obligatoriske bileta og nytt utsikta derfrå, parkerte me på tillaga parkeringsplass og følgde stimen med folk langs merka tursti. Det var ein del folk langs ruta, men eg skjønner jo kvifor - for ein nydeleg plass og tur! Sidan me skulle køyre eit stykke vidare nordover denne dagen, valde me riktignok å ikkje gå heilt opp til varden, me stoppa på det fyrste utsiktspunktet og snudde der. Men fordelen med det er >>>
Dronningstien
- Datum:
- 02.08.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:00h
- Entfernung:
- 14,0km
I lang tid hadde me planlagt vestlandsferien, og med tanke på kva del av landet dette er snakk om, kunne veret ha vore så mangt fyrste veka i august. Men var så heldige som me kunne vore: strålande sol frå skyfri himmel alle dagane! No skal det seiast at då me køyrde langs Sørfjorden på veg til Kinsarvik, såg me låge skyer og noko som kunne minne om skodde som låg over toppane. Det uroa oss litt, og då me parkerte bilen på Røte og traska oppover grusvegen letta det ikkje akkurat. Skyene og skodda låg framleis og lurte då me gjekk over i terrenget, men i det stien svinga utover mot fjorden igjen, klarna det og me fekk strålande sol resten av turen. Og for ein tur Dronningstien er! Panoramautsikt langs Sørfjorden heile vegen. Fantastisk flott terreng å bevege seg i - det er >>>