Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Favourite peaks

Ikonet Preikestolen

Date:
23.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
12.0km

Eg hadde gått til Preikestolen eit par gongar tidlegare, heilt tilbake 90-talet. Ein kan sjølvsagt undrast kvifor eg ikkje har gått der sidan då, men det er vel ofte med slike turist-plassar me besøker ikkje dei som finst i eige nærområde. Men St Hans dette året fekk ei moglegheit som eg så absolutt ville få med meg: Båttur med Helgøy Skyssbåt innover Lysefjorden fyrst for så å bli sett av på Revså kai og gå derfrå. For ein magisk tur! Nydeleg terreng frå fjorden og opp til Revsvatnet, vakkert langs vatnet til andre sida og Preikestolhytta, og så til slutt den ekstremt flott tillaga turstien frå hytta og opp til platået! Det var ikkje slik på 90-talet! Men sjølve Preikestolen er fortsatt den same heldigvis, han heng fortsatt på kanten, og utsikta innover og utover >>>

Map    

Lammanuten

Date:
19.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
12.0km

Aller fyrste feriedagen tok Augustus og eg ferja over Boknafjorden og køyrde til Tysvær for å ha eit lite chodsky-treff. Tre damer og tre hundar la i veg frå parkeringsplassen langs RV515 (like før Sandvik camping) med Lammanuten som mål. Det er ein flott tilrettelagt tur med gode, forseggjorte "bruer" over dei aller våtaste partia. Ein går på grusveg bratt oppover eit stykke før ein går ut i terrenget der det sakte men sikkert stig oppover mot varden på 620 moh. Utsikta skal visstnok vere flott oppå der, men det merka ikkje me så mykje til då skyene var låge og tunge. Men ein flott tur, det var det uansett!

Map    

Barkafjellet

Date:
18.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.0km

Siste dag før sommarferien nytta me til å ta ein formiddagstur til Barkafjellet i Strand. Me køyrde Ryfast og sørover retning Jørpeland eit kort stykke før me tok av til Heia. På ein liten parkeringsplass før Tveit parkerte me og følgde merka turveg gjennom nydeleg kulturlandskap og lauvskog opp til Barkafjellet. Turen er på ca 2 km kvar veg, ein heilt passeleg formiddagstur med andre ord! Utsikta på toppen er nydeleg: Jørpeland ligg like nedanfor, bakover ser du bort på Kjortåsen og langt innover Ryfylkeheiane, og vestover ligg fjorden og Stavanger og havet. Heilt herleg!

Map    

Håfjellet i Gjesdal

Date:
06.06.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
3:00h
Distance:
8.0km

Eg må innrømme det, Gjesdal er ein kommune og eit område eg er svært lite kjend i. Kongeparken og outlet'en på Ålgård er liksom det eg har forbunde med Gjesdal. Men no har eg etter kvart skjønt at det er utallege flotte turområde her! Håfjellet er eitt av dei! Turstien startar ved Gjesdalhallen. Turen er merka, men det var litt vanskeleg å finne merkene på starten av turen då det var ein del anleggsarbeid og midlertidige gjerder då me gjekk, men etter litt leiting og aktivt bruk av kart, fann me att stien og kom oss ned til Flassavatnet og følgde stien her. Deretter bar det oppover i lia i lettgått og herleg terreng å vandre i. Og at utsikta på toppen er god, er heller ikkje eit minus! Me gjekk rundturen ned på "framsida" av fjellet forbi sauebeite i nydeleg kulturlandskap. Ein >>>

Map    

Kjortåsen

Date:
03.06.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
1.8km

Dersom du er ute ein tur som krever svært liten innsats, men som likevel gir maksimal belønning i form av utsikt, så er truleg Kjortåsen i Strand det du er ute etter! Makan til tur, altså! 0,6 km kvar veg frå parkeringa på Hellandsheivegen - ein god halv kilometer, med andre ord! Og ikkje er det særleg bratt opp heller, så turen er unnagjort på eit drøyt kvarter. Turen som heilhet er ikkje vanskeleg å gjere lang - i tid, altså. Ein kan sitje på toppen og nyte utsikta i timesvis - her ser du vidt og breidt!

Map