Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Jeg har ikke meldt meg på noen lister ennå.

Favorittopper

Hananipa

Dato:
12.10.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
6,0km

Turen til Hananipa frå Skulstadvegen er ei perle av ein tur! Me gjekk ein tysdag føremiddag i haustferien, så det var ikkje så mange andre ute og gjekk, så me fann ledig parkering på den vesle parkeringsplassen oppe ved den siste garden i Skulstadvegen. Me følgde vegen, gjennom grinda, til endes ved Skulstadvatnet. Her følgde me skilta til venstre langs vatnet og opp i lia. Veret var aldeles nydeleg, kaldt og stilt og sol frå klår himmel. Etter kvart som me steig i høgda, låg frosten framleis på marka, og vel oppe var det godt å ta på både lue og vantar. Utsikta frå Hananipa er rett og slett storslått: Sørfjorden ligg nedanfor, stupbratt beint ned, Osterøy tvers over. Uansett kor du snur deg, ser du langt og lenger enn langt. Det er ikkje mange turar eg har gått som har >>>

Kart    

Nordfjell i Kvinnherad

Dato:
11.10.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
6,0km

Måndag i haustferien tok me turen nordover til Kvinnherad. Planen var å gå til Kviteggjo sør for Rosendal, men det viste seg at ferjene mellom Skålevik og Matre ikkje gjekk så ofte, og når vermeldingane for ettermiddagen var heller elendige, bestemte me oss for å ta over fjorden til Utåker i staden og heller finne ein tur der slik at me kom oss avgarde mens veret enno var OK. Valet fall då på Nordfjell mellom Utåker og Husnes. Me svingte av ved Valen sjukehus og parkerte på ein parkeringsplass like ovanfor sjukehuset. Herfrå følgde me grusveg og traktorveg oppover skråninga. I stiskiljet eit stykke oppe tok me til høgre og passerte hytta på Oldebotn. Me fortsatte oppover, og oppe på flaten over tregrensa kom me til eit nytt stiskilje. No tok me til venstre i staden for å >>>

Kart    

Gramsfjellet

Dato:
09.10.2021
Kart    

Marsteinfjellet

Dato:
26.09.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
9,0km

Me kom litt seint avgarde denne søndag ettermiddagen, så sola som hadde vore framme før på dagen, forsvann bak skyene, og det kom òg litt yr på veg opp. Men heldigvis heldt skodda seg vekke slik at me fekk eit inntrykk av den fantastiske utsikta over Ørsdalsvatnet som openberra seg då me kom på toppen. Dette er ein skikkeleg flott tur i nydeleg og variert terreng: skog, myr, små vatn, fjell. Turen kan gås som ein rundtur, men me gjekk fram og tilbake same veg - det funka fint det òg. Utsikta er jo annleis den andre vegen uansett!

Kart    

Nonsknuten og Bukkaknuten

Dato:
05.09.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
6,3km

3. gong gjeld det! Onsdag i påskeveka gjorde me fyrste forsøk på turen til Bukkaknuten og Nonsknuten - den gong med start frå Veraland. Vermeldinga viste rett nok skya, men langt fra den skodda som varte heile turen! Så det var ikkje så mykje me såg verken av utsikta utover fjorden eller ned i dalen. Så eg gjorde eit nytt forsøk ein formiddag eg hadde fri. Strålande sol heime i Stavanger då eg køyrde innover, men trur du ikkje skodda låg grauttjukk? Eg starta då frå Tengesdalsvatnet og gjekk berre til Nonsknuten før eg snudde - eg gadd rett og slett ikkje ta heile runden når eg ikkje såg ein skit likevel. Så, søndag 4. september var tredje forsøk. Denne gong var dei berømte vêrgudane med oss, og me fekk både sol og utsikt. Ein flott rundtur brått opp frå Tengesdalsvatnet, >>>

Kart    

Løvstakken

Dato:
04.09.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,0km

Av og til misunner eg bergensarane - ikkje for regnveret, men for turmoglegheitene dei har rett utanfor bykjerna! Så når ein dagstur til Bergen baud seg, greip eg sjansen. Ein køyretur på 4 timar kvar veg frå Stavanger var så absolutt verdt det når målet var ein tur til Løvstakken i strålande sol og sommarver! Me parkerte på Melkeplassen og følgde merka tursti heile vegen fram. Du skal ikkje så veldig høgt opp i lia før utsikta viser seg. Så ikkje gløymt å sjå deg litt tilbake når du går oppover, ta gjerne ein pustepause på ein stein og nyt synet over Byfjorden. Turen opp til Løvtakken er ikkje lang, berre 2,5 km kvar veg, men turen er nydeleg - herleg terreng å gå i med godt tilrettelagt tursti. Er det klårver, så bør kikkerten vere med i sekken. Eg klarte å sjå >>>

Kart    

Sikvalandskulå

Dato:
29.08.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,3km
Kart    

Rakssætra

Dato:
05.08.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Hotspoten på Insta måtte jo sjølvsagt òg besøkast når me var i området! Sjølv om eg hadde sett utallige blinkskot frå dette gardstunet, blei eg ikkje skuffa. Det er faktisk like vakkert i verkelegheita som det ser ut som på bileta! Fargespelet mellom den turkisblå fjorden, fjella, dei farga husa og dei grøne liene er berre magisk! Sjølv tok me turen som ein kveldstur i håp om å unngå dei store menneskemengdene, og det trur eg var lurt. Me slapp i alle fall å gå i kø både opp og ned, og me fekk til og med steinbordet framfor dei eine leveggen for oss sjølv! Perfekt når me hadde middagsingrediensar med, og biffgryte blei laga i eit nasjonalromantisk postkort!

Kart    

Segestad

Dato:
05.08.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,0km

Eit pittelita perle av ein tur! Me parkerte mellom Glomnes og Hjelle på ein liten opparbeidd parkeringsplass , og følgde merka tursti oppover skråninga til den gamle fråflytta fjellgarden Segestad. Turen er nokså bratt, men når han er så kort som han er, så er du oppe på ein liten halvtime. Eller, me brukte noko lenger tid for me berre MÅTTE stoppe og nyte utsikta over det grønblå Oppstrynsvatnet fleire gongar. Det er berre så himla vakkert! Garden som ligg på ei fjellhylle, stupbratt ned til vatnet, er som sagt fråflytta, men var i si tid visstnok den største garden i området. I dag er han open på dagtid i sesongen, og hus og innventar er intakt. Veldig kjekt å sjå! Hadde me planlagt dagen vår litt annleis og vore klar over at me kunne gått lenger oppover for så å krysse Glomneselva >>>

Kart    

Molden

Dato:
04.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
8,0km

Etter mi meining er Molden i Luster ei perle får toppar kan måle seg med! Utsikta på toppen over den turkisblå Lusterfjorden er éin ting, men turen opp frå Krossen er berre ein så vakker tur! Ein går fyrst gjennom lauvskog og litt på grusveg, før ein slyngar seg oppover i terrenget igjen. Utsikta kjem etter kvart, og ved den gamle stølen Svarthiller er det heilt naturleg - og spør du meg, obligatorisk! - å ta ein pause og berre ta inn det vakre. Turen vidare oppover er heller ikkje spesielt tung, sjølv om det sjølvsagt er motbakke. Stien er god å gå på, så berre nyt det! Hald til høgre i eit umerka stiskilje når du nærmar deg toppen slik at du kan gå ut mot kanten ned mot Lusterfjorden og verkeleg ta inn utsikta. Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, står det på >>>

Kart