Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Favorittopper
7-nutsturen 2020
- Dato:
- 17.09.2020
7-nutsturen i Sandnes er ei verkeleg flott oppleving! i 2020 gjekk SFT vekk i frå å arrangere turen på éin dag, og heller gjere det meir korona-vennleg. Me delte opp turen i to: Ein torsdagskveld i midten av september gjekk med til Øvre Eikenuten, Dalsnuten og Fjogstadnuten frå Gramstad. Ein perfekt kveldstur på eit par små timar! Resten tok me seinare på hausten, siste laurdag i oktober. Då starta me frå Dale og gjekk langs sjøen og opp til Lifjell fyrst, før me tok dei siste tre toppane: Sørafjellet, Kjerdalsfjellet og Skjørestadfjellet. Så seint på hausten var det rimeleg vått og sleipt, så me brukte store delar av dagen. Men for ein tur, altså! Løypekartet finn du på ut.no om du søker opp "7-nutsturen" der. God tur!
Førlandsåsen - eller -nuten, om du vil!
- Dato:
- 29.08.2020
Førlandsåsen - eller Førlandsnuten som det står i kartet (kjært barn har visst mange namn) - var den fyrste toppen eg gjekk til i området rundt Jørpeland. Eg var ikkje så kjent, så eg valde fyrste, men kanskje ikkje beste, vegen opp til toppen frå Kraftstasjonen. Bratt var det i alle fall oppover, og når hunden fekk det for seg å følgje eit anna spor og dermed leidde meg inn i ura, blei det ikkje lettare akkurat. Men me fann stien igjen og kom oss vel til topps. Og for ei utsikt frå toppen, men òg undervegs oppover. Å ta pustepauser oppover gjorde liksom ikkje så masse når ein kunne kvila auga på bygda og fjorden låg under. Storslått rett og slett! Me valde å ikkje gå same, bratte veg nedover. I staden følgde me dei raude merkene vidare innover slik at me kom ned ved >>>