Indre Lime og Eikefjellet (11.03.2022)


Start point Indre Lima
Endpoint Indre Lima
Characteristic Hike
Map
Ascents Eikefjellet (321m) 11.03.2022

Ein noko vindfull, men solfylt formiddag i mars, parkerte langs Fv288. Kjem du frå Stavanger, ta av frå E39 like etter Ålgård mot Oltedal. Ta deretter til høgre ved skiltet til Gjesdal kyrkje. Køyr gjennom gårdstunet og i enden av Limavatnet er det ein grusplass med eit litt slitt skilt det står "parkering".
Kryss vegen og gå litt tilbake og opp i heia. Herfrå er det merka tur oppover til Eikefjellet. Toppen er lett å sjå når du kjem litt opp i lia, med sendaren og hytta. Utsikta her er flott, og det er verdt å stoppe her. Stien er merka vidare nedover, du passerer speiderhytta på Bjelland - ein super plass å raste med benkar og gapahuk. Rundturen går vidare gjennom vakkert kulturlandskap - ein runde på ca 8 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.