Gramsfjellet (09.10.2021)


Kart
Bestigninger Gramsfjellet (502moh) 09.10.2021

Er du på utkikk etter ein kort tur i flotte omgjevnader som i tillegg gir flott utsikt? Då er turen til Gramsfjell frå parkeringsplassen i Bjørheimsheia midt i blinken. Det er ikkje meir enn eit par km kvar veg, men terrenget er variert og flott å gå i, og frå toppen er utsikta både vestover over Strandalandet og mot sjøen, og innover Ryfylkeheiane skikkeleg flott. Har du litt meir tid enn det me hadde denne dagen, kan du enkelt ta avstikkaren opp til Skjørbu òg. Då ser du innover mot Reinaknuten og over Tysdalsvatnet i tillegg.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.