Løvstakken (04.09.2021)


Startpunkt Melkeplassen
Endpunkt Melkeplasse
Tourcharakter Bergtour
Entfernung 5,0km
Karte
Besteigungen Løvstakken (478m) 04.09.2021

Av og til misunner eg bergensarane - ikkje for regnveret, men for turmoglegheitene dei har rett utanfor bykjerna! Så når ein dagstur til Bergen baud seg, greip eg sjansen. Ein køyretur på 4 timar kvar veg frå Stavanger var så absolutt verdt det når målet var ein tur til Løvstakken i strålande sol og sommarver!
Me parkerte på Melkeplassen og følgde merka tursti heile vegen fram. Du skal ikkje så veldig høgt opp i lia før utsikta viser seg. Så ikkje gløymt å sjå deg litt tilbake når du går oppover, ta gjerne ein pustepause på ein stein og nyt synet over Byfjorden. Turen opp til Løvtakken er ikkje lang, berre 2,5 km kvar veg, men turen er nydeleg - herleg terreng å gå i med godt tilrettelagt tursti.
Er det klårver, så bør kikkerten vere med i sekken. Eg klarte å sjå heilt til Fedje denne dagen!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.