Slettmarkspiggen (18.07.2025)


Start point Eidsbugarden (1,035m)
Endpoint Eidsbugarden (1,062m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 28min
Distance 24.7km
Vertical meters 1,399m
GPS
Ascents Slettmarkkampen (2,032m) 18.07.2025 09:19
Slettmarkpiggen (2,164m) 18.07.2025 09:19
Slettmarkpiggen Fortoppen (2,120m) 18.07.2025 09:19

Slettmarkspiggen

Årets avstikkar frå Vinjerock


Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur (Mjølkedalspiggen), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen.



Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng.

Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen.



I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stine ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka være gore-tex.



Det vart ein liten rast før vi tok til på stigninga opp mot Slettmarkkampen. Første stigninga gikk opp ei grov steinur, og noken sva. På returen fann vi små vardar vi heller kunne fulgt lenger aust.

Etter den første stigninga kunne vi stort sett følge snøfelt. Her møtte vi ein flokk reinsdyr som kjølte seg ned på snøfelta.



Etter 3 timar sto vi på toppen av Slettmarkkampen.



Vidare var det enkel klyving ned ein hammar, litt meir vandring i ur, og passering av eit luftig punkt før vi sto på toppen av Slettmarkpiggen.

Frå Slettmarkpiggen hadde vi heilt rå utsikt oppover Jotunheimen.
Magnar var litt skuffa over at toppen ikkje var meir luftig, men ellers var han nøgd.



Returen til Uksedalen gikk som ein leik da vi stort sett kunne springe på snøfelta.

Vidare var det berre å sette eine foten føre den andre, til vi var tilbake på Eidsbugarden og klar for meir festivalliv.



Takk for turen!


Start date 18.07.2025 09:19
(UTC+01:00 DST)
End date 18.07.2025 15:47
(UTC+01:00 DST)
Total Time 6h 28min
Moving Time 5h 49min
Stopped Time 0h 38min
Overall Average 3.8km/h
Moving Average 4.2km/h
Distance 24.7km
Vertical meters 1,399m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.