Vindstille (29.10.2014)


Map
Ascents Mørkdalstuva (345m) 29.10.2014

Endå ein vindstille, snøfri dag! Fann traktorvegen like før Kvammen og traska denne dei 6 km inn mot foten av Mørkdalstuva. Traktorvegen er lagd av torva han går over, og denne dagen var torva ganske våt. Det kjendes mest ut som å vere på glattisen fordi føtene heile tida gjekk litt ned og sklei litt rundt. Det vart mest s eg hoppa frå tuve til tuve alle kilometrane innover. Men likevel: All ære til han - for eg trur det er ein han - som har laga vegen! Trur eg hadde kjent meg ganske motlaus etter ei stund over den evig lange myra... Men turen var flott med haustfargar, regnbogar og -byger som kom og gjekk, glitrande småvatn og faktisk ein riktig så kvit hare! Ein vestlending kunne like seg her :-) Fann ingen sti mot toppen - lette ikkje heller - men høgda er overkommeleg og toppen lett å nå. Kamp mot klokka pga kort dagslys, så det var berre å snu ned for å kome seg på Gråurda...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.