Hanekammen (20.05.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 24min
Distanse 14,6km
Høydemeter 1273m
Kart
Bestigninger Hanekammen (1651moh) 20.05.2024
Sørøst for Jostebotnen (1714moh) 20.05.2024
Andre besøkte PBE'er Haugadalen p-plass (633moh) 20.05.2024

Hanekammen og Sørøst for Jostebotnen har vore på ønskjelista lenge. Her må timingen stemme med tanke på at det bør være klarvær og ikkje for seint på året.
I dag låg alt til rette for ein tur opp til Hanekammen. Nydeleg vær og ikkje for mykje vind. Eg var litt i stuss om eg skulle bruke ski eller truger. Men sidan eg ikkje er noko racer på bratte bakkar, så valte eg å ta med trugene. Det viste seg å være eit greitt val, ettersom dei er litt lettare å ta i sekken enn skia. Eg måtte gå opp eit godt stykke mot Jostebotnen før eg kunne ta på trugene og hadde dei på eit godt stykke oppver. Tok av trugene det siste stykket før toppen av Hanekammen. Flott å nyte utsikta i prima vær. Ein liten lunsjpause på toppen før det bar vidare til toppen sørøst for Jostebotnen. Tok på trugene eit stykke ned frå toppen av Hanekammen og tok retning mot toppen. Lettgått og fint terreng. Her hadde det nok vore betre med fjellski, men ikkje så ille med truger heller.
På returen gjekk det fort nedover med trugene og litt meir slush i snøen enn på veg opp. Stort sett ein flott tur denne dagen.

Lite med snø opp Haugadalen
Lite med snø opp Haugadalen
Haugadalen
Haugadalen
Jostebotnen
Jostebotnen
Jostebotnen
Jostebotnen
Utsikt frå Hanekammen, blandt anna mot Ceciliekruna
Utsikt frå Hanekammen, blandt anna mot Ceciliekruna
Utsikt frå Hanekammen, mot toppen sørøst for Jostebotnen
Utsikt frå Hanekammen, mot toppen sørøst for Jostebotnen
Utsikt frå Hanekammen, mot Snønipa
Utsikt frå Hanekammen, mot Snønipa
Utsikt frå Hanekammen, mot Oldedalen
Utsikt frå Hanekammen, mot Oldedalen
Utsikt mot Snønipa frå toppen sørøst for Jostebotnen
Utsikt mot Snønipa frå toppen sørøst for Jostebotnen
Utsikt  frå toppen sørøst for Jostebotnen
Utsikt frå toppen sørøst for Jostebotnen
Utsikt mot Snønipa. sørøst for Jostebotnen
Utsikt mot Snønipa. sørøst for Jostebotnen
Utsikt mot Oldedalen. sørøst for Jostebotnen
Utsikt mot Oldedalen. sørøst for Jostebotnen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.