Flott rundtur til Visbretind med Hans Morten via Nordryggen. Smal og morsom rygg, og spennande alternativ til den vanlege ruta via Langvasshøa.
Ruta oppover ryggen gjev seg sjølv. Eit par smale parti og lett klyving. Etterkvart lett over N2 (9m PF) og N1 (11m PF). Etter dei smalaste partia kjem ein inn i den breiare vestflanken på Visbretind. Vi fulgte stort sett kanten mot Visbrean heile vegen. På venstre side av renne med snø/grus utan å krysse denne før på oversida av renna. Like før toppen er det ein bratt hammar som vi kleiv rett på i stadan for å prøve å runde. Nedover fulgte vi vanlege løypa ned til Leirvassbu. Måtte også oppom Kyrkja når vi først gjekk forbi :)
Kommentarer