Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Fire-toppars-tur kring Einunddalen: etappe 1

Dato:
22.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:28t
Distanse:
4,3km

Dagens første toppar, topp nr 80 og 81 i Folldal. Lite sti, men generelt lettgått terreng. Kaldt og mykje vind, men vi kan jo ikkje ha varmt vêr kvar dag!

Kart    

Fire-toppars-tur kring Einunndalen: etappe 2

Dato:
22.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:43t
Distanse:
7,6km

Så var det klart for etappe 2 etter oppvarming med relativt låge toppar. Her vart det meir stigning, og endå kaldare. Det var etter yr +2 grader på Høgegga og bra med vind, det kjentest sånn ut og! Lite sti, men lettgått og fint terreng over 1300 m.o.h. Bratt opp.

Kart    

Siste topp i Øyer. Eldåhøgda og bonustopp Bendikshøgda

Dato:
16.07.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:57t
Distanse:
18,9km

Med denne turen til Eldåhøgda er Øyer komplett (både 50 og 100 m PF). Turen gjekk i fint ver gjennom fint og lettgått terreng. Første delen gjekk generelt på sti. Etter Gamlelægeret var stien av varierande kvalitet, og eg fann det vel så enkelt å gå utanfor sti, då terrenget er lettgått utan skog. Fin utsikt frå Eldhåhøgda. Rett før turen fann eg ut at Bendikhøgda i Ringebu hadde primærfaktor over 50 meter (ikkje 45 meter), slik at plutseleg var denne på mi samleliste for Ringebu. Måtte då ein tur bortom her også :) Her var det relativt grei sti.

Kart    

Sundsfjellet (og Kjenuken)

Dato:
10.07.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:46t
Distanse:
9,2km

Fin tur til Sundsfjellet. Turen gjekk på god sti opp til cirka 800 m.o.h., deretter ein litt dårleg sti opp mot Kjenuken, før eg tok av mot Sundsfjellet. Då utsikten mot nord er betre frå Kjenuken, tok eg ein tur hit også.

Kart