Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Tur

Dato:
27.04.2024
Distanse:
3,6km
Kart    

Makalaus vintertur

Dato:
20.01.2024
Distanse:
7,3km

Lett og fin tur med test av utstyr og pulktrening. Anbefaler å følge løypa og ikkje ta frikøyring i skogen med pulk. Nydeleg føre og lite folk. Sol, kaldt og flott�❄️

Kart    

Hugakøllen

Dato:
27.12.2023
Turlengde:
4:28t
Distanse:
8,3km
Kart    

Hødntind

Dato:
09.12.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:55t
Distanse:
10,3km

Litt mildare vær, snø i lufta, men skimta blå himmel då me gjekk frå parkeringa på Tyin. Følgde sommarruta oppover, då det er svært lite snø i terrenget. Gjekk nedpå stein og grus mange stader. Været tjukna til og vind, sno og snø auka på ettersom me gjekk oppover. Måtte ta av skia eit godt stykke nedanfor toppen. Hadde vore lurt med brodder, då det var isete og glatt under snøen. Men me kom til topps! Såg omtrent ingenting, men kjensla av å nå toppen er alltid god! Kassa til Vang turlag hadde frose att, så me noterer oss ein tur utan signatur.

Kart    

Hugakøllen på ski

Dato:
25.11.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:38t
Distanse:
5,9km

Fin skitur, nydeleg vær og greit føre.

Kart    

Binnhovdknatten - Smørlifjell t/r

Dato:
29.10.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
12,9km

Etter ein fin liten tur til Fjellendin, køyrde me vegen forbi Aurdal Fjellkyrkje til me fann p-lomme rett ved vegen til Skålin. Følgde vegen oppover - greit å følgje PB karte også, når ein ikkje er kjend. Fann stigen inn i skogen og oppover. Var relativt skødda på veg oppover, men det letta litt etter litt, så me kunne nyte mange fine utsiktspunkt. På Binnhøvdknatten var det igjen skødda, men me valde likevel å gå vidare mot Smørlifjellet. Enkelt og fint å finne fram. På Smørlifjellet skein ettermiddagssole, og trass i 10 blå var det heilt fantastisk. Retur same veg med is og snøkledd skog, blå himmel, solnedgang og måne"oppgang". Fjellet i oktober er jammen vakkert! (Fjellet er jo alltid vakkert...)

Kart    

Fjellenden

Dato:
29.10.2023
Distanse:
3,5km

Start på lita parkeringslomme på venstre side når ein passerer Danebu. Fint merka stig opp til Fræningen og vidare rundt vatnet og opp til toppen. Snøga då me starta, tjukk skodde. På toppen såg me tre soler "Halon" og livet var bra:-) Rask liten tur.

Kart    

Hugakøllen

Dato:
23.10.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,5km
Kart    

Javnberget

Dato:
12.10.2023
Distanse:
5,0km

Kart    

Heggeberget

Dato:
12.10.2023
Turtype:
Ekspedisjon
Distanse:
3,4km

Fin liten tur. Litt vanskeleg å Finn startpunktet. Må vurdere traktorveien i fht årstid og ferdsel over innmark. Grei stig heile vegen.

Kart