Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Vetanosi

Dato:
14.04.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
10,6km

Fot og trugetur frå Fodnes. Sol og varmt opp bakkane i furuskogen i dag. Vinden som laga krusingar på fjorden, merkar ein lite til i ly av skogen. Bart til ca. 200 meter forbi skiltet som markerer til Vetanosi "rett opp". Men den ruta gikk ikkje eg i dag. Gikk stien i retning Fagersete, og litt utanfor sti der det var isete. Ikkje lenge før trugene kom på, ved ca. 750 moh. Litt laust i starten. Men frå bakken opp "uri" etter Gruvle var det godt feste. Litt sikk-sakk mellom turre lyngparti etter at det flata litt ut. Så i gang med bakken, og her var det fast og fin skare. Herifrå ganske rett mot toppen. Stort sett snøheilt og fint heilt til toppen, når eg ringa litt utanom små-toppar. Kraftig vind toppen. På med boblejakke, litt foto, og så retur. Aldeles nydeleg >>>

Kart    

Klantenovi 5

Dato:
11.02.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
4,2km
Kart    

Klantenovi 4

Dato:
04.02.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
4,2km

Tungt i dag. 40 cm nysnø. Blæs opp på toppen, slik at retur var meir freistande enn rundtur via Vindhellavegen.

Kart    

Mollandsmarki

Dato:
28.01.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
3,8km

Trugetur frå Mollandsmarki (Resaland). Valde Bondehaug fyrst, sidan det var lengst, og med mest stigning. Landskapet var meir kuppert enn forventa. Fyrst over jordet, og her hadde det vore ein del leik med snøskuter. Etter eit par steg, forstod eg at det vart ein strevsam tur. Snøen var veldig blaut, laus og djup. Det hjalp å følgje snøskuter-spora dei fyrste få hundre meterane. Så bratt opp, og inn i skogen. Prøvde å følgje glenner med jamn stigning. Opp og fram kom vi. Det tok i overkant av ein time før vi var på toppen. På toppen var det noko utsikt, og sola kika fram. Koseleg. Nedatt gikk det sjølvsagt mykje lettare, med gode trugespor. Halvtimen nedatt til vegen. Vi bestemde oss for å ta med Storehaug og, når vi fyrst var her. Litt seint på dagen, men det skulle da halde. >>>

Kart    

Klantenovi 2

Dato:
14.01.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
3,9km

Kart    

Klantenovi 1

Dato:
06.01.2024
Turtype:
Trugetur
Distanse:
4,0km

Kart    

Botnanosi ? Nei, men Åsete

Dato:
25.11.2023
Turtype:
Trugetur
Distanse:
2,4km

Var i tvil i dag. Om tur eller ikkje. Botnanosi var målet, og snøforholda var eg usikker på. Køyrde til skihytta, og byrja optimistisk med snøkjetting. Oii, det var det såpass med snø ja ? Etter nokre hundre lengdemeter, vart det på med nye truger. Tubbs flex vrt 25. Desse har stegjern på sidene langsmed. Gikk fint oppover då det var rando-spor i stien. Fint ei stund, med ca. 20 - 30 cm snø. Etter kvart vart det slutt på skispor-hjelp, og snømengda auka kraftig på. Så eg trakka 30-50 cm ned for kvart steg ei tid, auka til 40 - 60 cm i øvste partiet. Når eg såg at snittfarten oppover hadde gått ned frå 0,9 til 0,8 km/t, vurderte eg å snu. Måtte stoppe innimellom, noko eg ikkje pleier. Gikk så over til å gå i slow-motion, og det gikk oppover. Det var no idyllisk og >>>

Kart    

Kvitingsmorki

Dato:
17.03.2018
Turtype:
Trugetur
Distanse:
8,3km

Trugetur i Naturreservat. Frå Sagi til Kvitingsmorki. I dag vart det stølstur med Lærdal turlag. Ikkje topptur, og knapt rett å registrere her ? Men ein nydeleg tur som eg tilrår, vinter som sommar.

Kart