Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Sonvesåsen på Voss

Dato:
31.03.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
15,4km

Sidan bubilen skulle få ny kran på badet, måtte mogeleg daudtid nyttast til fjelltur. Frå Brynali handelsområde hadde eg sikta meg ut ein veg oppover lia mot eit skianlegg. Spreid bebyggelse og jordbruksland oppover. Korrigerte til grusveg mot garden Vike. Så på gards- og traktorveg vidare opp til tangering av vegen som gikk litt rundt åsen og opp til skianlegget. Her hadde snøen sagt takk for denne sesongen. Gikk så litt opp og imellom veg i delvis utbygd hyttefelt. Satsa mot ein sti frå nordaust, og fann denne. Det vart litt vabbing i djupsnøen innimellom, men ganske greitt til turmålet. Einaste markeringa på toppen var trestubber til eit klargjort bål (såg det ut til). Vi var framleis i granskogland. Bestemte meg for å halde fram, slik at eg fekk rundtur. Det var kjekt. >>>

Kart    

Slettind

Dato:
27.03.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,4km

Skitur med Sigmund. Mykje nytta Randonee-topp frå fylkesgrensa på Hemsedalsfjellet. God trim opp, og delvis fin køyring nedatt.

Kart    

Varhovdtinden og Børrenøse.

Dato:
13.03.2021
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
16,6km

Nydeleg ver etter ein periode med ruske. Og når vi då hadde fått 2 x 5 cm nysnø siste dagane, så lova det godt for langtur inni fjellheimen frå Filefjell. Plan var Skoddetind, og kanskje eit par 100 pm. i tillegg. Godt oppi alpinløypa oppdaga eg at sekken låg att i bilen. Svarte also. Snu ? Nei etter nesten 20 minuttar og med det hardaste slitet, freista det ikkje nedatt, og påan igjen. Så då måtte eg re-organisere dagens planar. Topptur skulle det bli. Så uten mat og utan reserveklede, bestemte eg meg for Varhovdtinden. Då går ein i oppkøyrte løyper og der det er folk, for det meste. Veldig fint området ved Vardhovdflenene. Stoppa der, og skua innover det som var dagens eigentlege mål, Skoddetinden. Såg at det var gode skuterspor innover der, og folk på veg oppover inni >>>

Kart    

Kyrkjenøse

Dato:
07.03.2021
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
4,2km

Som lokalkjendt i mykje av fjellområda på Filefjell, har eg likevel aldri gått opp ved St. Thomaskyrkja på Kyrkjestølane. Så då vart det opp derifrå i dag. Det hadde blæse storm i går og natt, så føret var ikkje topp. Hard skare opp lia. Betre når eg nådde stikka til Dnt-løypa mot Sletningbu, då det flata ut. Følgde skuterspor og stikkene til litt før bandet. Skrådde opp mot toppen på is. Det var såpass lite bratt, at det gikk å stampe stålkantane til feste. Fann ei grei rute, og snart flata det ut. Fin utsikt frå toppen. Ved å gå litt frampå 10 meter frå varden, såg eg ned att til hyttene og vegen ved Kyrkjestølane. Eg var litt spent nedatt, om det braut nokon stad der det var skare. Ein stad braut det litt. Ispartia var greie, då stålkantane tek godt feste >>>

Kart