Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Vetanosi og Aspevikstølen

Dato:
10.11.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,0km

Ein nydeleg kald og klar novemberdag. Enno lite snø i høgda. Plan om topptur frå stien frå Fodnes til Aspevikstølen. Fyrste stopp for å nyte utsikta var frå utsiktspunktet "Stegen" ca. 550 moh. Flott utsikt til Bleia herifrå. Så vidare på stien til den flatar ut og dreiar i retning Aspevikstølen. Nett her går det trakk vidare rett opp. Mogeleg hjortetrakk, men som no er markert ved at fleire tek turen rett opp til Vetanosi. Einkvan har knytt eit plastikkband i treet rett etter denne avstikkaren rett opp. Og her får ein prøvd kondisen dei kommande vel 100 høgdemeterane. Kvotane står tett, men det er på lag sti heile vegen. Hærleg når det flatar ut ved tregrensa, og sola varmar litt. Etter eit litt flatare parti kjem ein bratt skrent. Greitt å bruke hendene litt >>>

Kart    

Vindhellavegen og Klantenovi

Dato:
08.11.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
7,3km

Vindhellavegen med kollegaer etter jobb fredag. Tok ein runde på Annastien, om Klantenovi :)

Kart