Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Nordre Brurskardknappen - tur 2 i dag

Dato:
29.06.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,5km

Kva kan vere årsaka til besøk nr. 2 denne dagen ? Årsaka går fram av bildet :) Jada, eg gløymde att sekken på toppen. Flytte den bak varden ved fotografering, og dermed var tankane andre stader. Denne turen for å hente sekken vart ei rein treningsøkt med bra tempo.

Kart    

Søre- og Nordre Brurskardknappen

Dato:
29.06.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
8,3km

Dagens tur to på Valdresflye. Denne frå Heimdalsmunnen. Må reklamere for desse to toppane, grunna den formidable utsikta til alle 2000-meter toppane i dette område. Her kjem eg tilbake med spegelreflekskameraet ei gong. Berre mobilbilder i dag. Opplevinga av å stoppe å ta inn utsikta, går langt forbi det å ta bilder i alle fall. Tilrår tur hit på godversdag med ismett av skyer.

Kart    

Fisketjernnuten

Dato:
29.06.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Fin tur på Valdresflye. Restitusjonsdag. Plan var Nordre Kalvehølotind og Vestre Kalvehøgda i dag. Men Tverrbottindar frå torsdag sat så hardt i kroppen, at vi prioriterte små rolege turar som alternativ. Ein nyt mykje også på slike dagar. Nydeleg utsikt og ro i sjela.

Kart    

Store Tverrbottinden og tre til.

Dato:
27.06.2019
Distanse:
12,8km

Påbyrja ferie og tid for topptur. Køyrde fjellveggen Årdal - Turtagrø, og over Sognefjellet. Inn Leirdalen. Her hadde grøver og elva rota det skikkeleg til etter sist vinter. Vegen var plastra fleire stader. Ikkje lett å halde god veg i slike omgjevnader, med veg bygd på leire, og store naturkrefter som herjar. Vi fann ei lita p-lomme få km frå Leirvassbu, og sikta oss inn mot Leirløyfte. Vi kom litt høgt, og måtte litt ned att, før vi skrådde bort til venstre for grova ved Leirløyfte. Litt planlegging for å finne godt oppsteg i dei bratte grasbakkane før brattura. Vidare greitt i til dels laus og bratt ur. Skar litt til venstre, og nådde kanten mot brea 50 meter over skaret. Raskt oppe på Vest for toppen. Flott utsikt, og stilig å sjå ut til hovudtoppen. Vi prøvde opp >>>

Kart    

Bårdshøgdi og stølar i Erdal

Dato:
23.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
18,4km

Ærendet var å flytte ei postkasse for Lærdal turlag frå Håvardsete til Breisete. Nytta høvet til ein topptur, noko som vart ein god omveg. Men også ei fin oppleving og god trim. Gikk stien til Håvardsete. Den er ikkje merkt anna en nokon band på enkelte tre. Tydeleg og grei sti å følgje. Vidare frå Håvardsete er det innteikna sti opp og innover fjellet til Skorvebotn. Nokon stader vaskeleg å sjå stien, særleg i grov ur. Men ein veit jo retninga ein skal gå. Fint inne i Skorvebotn. Så var det bratt opp i venstre sida. Over 1500 meter var det skodde og 30 meter sikt. Greidde å navigere til topppunktet på Bårdshøgdi ved hjelp av GPS og app. Utan slike hjelpemidlar hadde det vorte umogeleg i dag. Vèret vart finare ut over dagen. Aldeles nydeleg ned til Breisethaugen på returen. >>>

Kart    

Bjøbergdalen med toppar til

Dato:
15.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
27,5km

Dagen baud på sommar, sol, varme og fjelltur. Køyrde over Hemsedalsfjellet. Parkerte på ein liten grusplass like før Bjøberg. Tok grusveg forbi hytter, over bru og kom inn på DNT-stien mot Bjordalsbu. Plan var å plukke toppar på nordsida av dalføret, og returnere på stien. Følgde stien før eg skrådde til høgre like før ei hytte inne i dalen. Etter kvart opp ei ur mot eit skar, dreia litt til venstre og til 100 pm. topp, Nord for Hemsedalstjørnan. Like før toppen låg ei svært frodig grøn eng med reinsmose. Utruleg vakkert, og tankar gikk til utryddingsprosjektet av rein. Vidare vest, ned frå toppen låg ei demning og hytte mot Øljusjøen. Vidare opp tok eg med toppen mot dalføre, før eg dreia nordover og plukka dagens fyrste 100 pm. Lærdalstopp, Øljuhalsane. Vidare >>>

Kart    

....Storehaugen

Dato:
11.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,4km

Del to av turen der appen stoppa på fyrste del. Del ein gikk frå Habben til Hognåsen, og del to (denne) frå Hognåsen via toppen Storehaugne, og til Lærdal (ved Bergo). Ein topptur i to filer.

Kart    

Habben - Hognåsen .....

Dato:
11.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
3,0km
Kart    

Grøtshornet

Dato:
08.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,6km

Helg med familietreff på Sunnmøre, og mulegheit for topptur. Køyrde frå Sula mot Vatne i Haram kommune. Ravn idrettslag hadde merkt fin rute opp fjellryggen frå nordsida av fjellet, like før Strand. Fin utsikt mykje heile ruta oppover. Etter kvart vidare utsikt til toppar i mange retningar. Flott varde med turbok på toppen. Fin tur :)

Kart