Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (253)
-
Skitur (104)
- Fjellskitur (37)
- Langrennstur (2)
- Randonnée/Telemark (64)
-
Sykkeltur (2)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Gravehovdane
- Dato:
- 27.05.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 16,4km
Ein fantastisk tur i Lærdalsfjedli. Starta ved Grimsøyn ca. 350 moh. Sol og varmt, men greitt å gå stigninga opp til Areberg, (ca. 940 moh.) som vesentleg er på sti i tett skog. På Areberg er det ei flott steinbu med oransje mosefarge på. Og utsikta inn mektige Nesdalen er maiestetisk. Vidare følde eg nokon trakk. Tenkte å gå ganske rett på, og fann eit fint mose- og lyngfar rimeleg rett opp. Gikk på erfaring og innebygd terrengforståing. Sjekka appen innimellom ;) Mykje bratt oppover. Innom nokre snøbruer frå 1400 moh. Det som overraska mest i dag, er at snøen er borte, og vi skriv 27. mai. Oppå fjellplatået Gravehovdane, som ligg mellom 1500 og 1582, finst ikkje snø. Det er vakkert grønt :). På toppen vart det noko fotografering. Mest av alt var det berre å sjå, og nyte >>>
Stølsmardalstinden
- Dato:
- 12.05.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 19,8km
Fantastisk og relativt alpint topptur med Lærdal turlag. Eit følgje på 15, med fleire deltakarar frå andre lag, gjennomførte turen på vel 9,5 timar. Det minkar på snøen og det var særs laust og med gjennomslag opp til tinden. Ski-etappen hadde betre føre, men det minkar på snøen, og ganske straks vil ein streve med elvane i Austabotn-dalføret. Etter mi vurdering er det relativt bratt frå 1550 - 1700 moh. Særleg siste kneika der vi går trappetrinn opp mot 60 grader. Men det var fin laus snø, trygge trinn, og vi tok det forsiktig. Viktig å ta hensyn til dei som tykte det var litt tøft, noko fleire ga uttrykk for (særleg på retur). Dette nivået er nok det mest alpine til Lærdal turlag tilbyr, sidan vi ikkje har fjell- og bresport-avdeling. Vi fekk god guiding av kjentmann >>>
Storehaugen
- Dato:
- 06.05.2018
- Distanse:
- 6,1km
Bar vatn frå flata over Krokabakken og opp. Til arrangementet Storehaugen opp. Tung sekk ja. Bli med på motbakkeløp 10. mai. 2018