Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Smeddalsfjell. Topp ca. 1444

Dato:
30.12.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
13,0km

Ein heilt vanvittig nydeleg dag med 10 cm pudder. Testa nytt Randonee-utstyr. Hadde plan om Rupeskardseggi, men tok opp frå Valdresdalen eit par hundere meter for tidleg. Hadde også mistanke om at det var feil. Nådde ein topp på Smeddalsbergi. Peekbook-appen virka ikkje. Trur Gps`n på Samsungen var vrang. Når vi såg varden på toppen i mot, tok vi den i staden for å endre kurs. Vi fann ut at det vart litt for lite tid/lys til Rupeskardseggi i dag. Litt sløvt av meg, sidan eg har gått i dette terrenget minst 15 gonger før. Neste gong blir det Garmin GPS i back-up. Turen elles var no heilt nydeleg. Sett bort frå at det er bakevja i Valdresdalen denne tida på året, med tanke på sol. Fin sol opp frå start da :) På turen ned att kunne vi køyre korleis som helst i mjuk fin nysnø. >>>

Kart