Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Havstadfjellet

Dato:
30.08.2017
Turtype:
Løpetur
Distanse:
5,6km
Kart    

Snøholstinden

Dato:
26.08.2017
Turtype:
Alpintur
Distanse:
25,9km

To dagar med etterlengta klårvèr, og helg. Då vart det tur til Jotunheimen frå Eidsbugarden. Vi valde Snøholstinden (eller Snøghølstinden / Snjogholstinden) som rundtur. Spennade å finne passande rute. Ringa rundt vatnet og bestigning frå søraustsida. I klyvinga opp mellom 1800 og 1900 kvota vart vi merksame på eit taulag som rangla seg over austveggen. Den er kvass, og vi var ikkje missunnelege. Det viste seg når vi skulle bortover snøbrua under egga, at den var noko meir hard enn forventa. Brattare og. Heldigvis hadde vi med eitt par stegjern og eit par snøkjetting. I tillegg eitt par stavar som vi delte. Det gikk greitt, men det er meir vertikalt enn kva bileta kan fortelje. Tilrår både stegjern og isøks her. Denne toppen og turen må eg karakterisere som ein av dei vakraste >>>

Kart    

Horgehorna

Dato:
22.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,6km

Ein finvers ettermiddag måtte nyttast til fjelltur. Det går ein svært fin sti frå Kongevegen rett bak Borgund stavkyrkje, og heilt opp til Øygardsbotn, 1180 moh. Raudmerka og varda. Stien går også til Øvre Liastøl, der ein kan gå nedatt via Nedre Liastøl og til Li ved Borgund Kraftverk. Ved Øygardsbotn er det eit omfattande anlegg av gamle vatningsveiter. Desse er merka i terrenget. Terrenget frå 1000 moh, og oppover langs ryggen er svært vakkert. Denne turen tilrådast på det sterkaste (sjølv om ein ikkje skal til Horgehorna). Toppturen til Horgehorna er likevel verd investeringa det er i dei sist 300 høgdemeterane. Panoramaet på 360 frå Horgehorna i heilt klårt augustver var svært vakkert :)

Kart    

Eldrehaugsfjell

Dato:
20.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,9km

I dag var målet eit par toppar i Lærdalsfjell med primærfaktor over 100 meter. Belønninga vart ein veldig fin tur i høgfjellet. Dette terrenget søraust for Eldrehaugsvatn, og på grensa til Hemsedal kommune var nytt for meg. Følgde ei planlagt rute, men hadde ingen spor. Då blir det å lese fjellet, og sjekke ut undervegs kor ein er. Dette tykkjer eg er fasinerande, og gå i fjell ein ikkje heilt kjenner, og finne ei fin rute. GPS og kart er med som ekstra tryggleik. Gløymde å ta bilete av fyrste toppen, Slettind. Tok eit bilete frå avstand, som vart noko mørkt. Til Slettind tok eg ruta langs ryggen heilt opp. Måtte litt til venstre rett under det brattaste. Greitt. Nådde toppen etter ein knapp time. Så valde eg å følgje høgdene i retning Bandnøse. Greitt ned skaret mellom >>>

Kart    

Hornsnipa

Dato:
09.08.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
9,6km

Fin kveldstur til Hornsnipa i Aurland. Tur frå Nalfarhøgdi. Denne fjelltoppen er synleg frå mange stader. Kvass til dette område å vere, og fin frå mange vinklar når ein køyrer snøvegen mellom Lærdal og Aurland. Vi gikk ruta ryggen opp "Høgdene" i retning mot Blåskavlen. Kvammadalen og etter kvart Blåskavlbotnen på venstre side. Over haugen på 1627 moh. skrådde vi bortover snøbruer i retning litt til ve. for lågaste toppen. Nær fyrste toppen dreia vi og følgde ryggen opp til høgaste punktet. Sjå delvis GPS spor her. Fin-fin utsikt frå toppen. Ikkje minst mot Bleiamassivet, men mykje i alle retningar. Mykje forskjellig og fasinerande stein i dette område. Både stein som har lege lenge under isen og anna. Her er rullesteinar, store blokker, skifer tynn som flatbrød, >>>

Kart