Kvamfjellet (10.05.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 07min
Distance 5.7km
Vertical meters 761m
GPS
Ascents Kvamfjellet (774m) 10.05.2024 11:09

Etter kveldstur i går, føremiddagstur i dag. Ferga kl 8:35 frå Barmen, og ei god mil å køyre til turstart. Her var merka og skilta rute til toppen, og logga på UT-appen. Var de bratt opp her ? Tung kropp i dag, så berre å sette ned farten litt. Etter kvart fin rygg med sti og nokre sva å gå på. Brattast mellom 250 og 450 hm. Så eit etterlengta lett parti til over 500 hm, før siste kneika. Undervegs både snøfelt, og svart botn med loddrett stup å sjå på. Då det flata ut, raskt over eit snøfelt og opp til stor varde. Her var skilta vidare for rundtur. Frå toppen var det ei fantastisk utsikt 360. Gjegnen, Ålfoten, legdefjella i Bremanger, Hornelen, til Måløy by, Stadlandet, nord til Fiskå, snødekte Sunnmørefjell innover m.m. Jøss-faktor. Brukte litt tid å kike. Returen ned var meir morro enn opp. Kroppen kosa seg i nedoverbakkar. Fin utsikt også undervegs her. Godt nøgd med nr 2 pm. på 500 + på under døgnet. Etterpå køyrde vi ut til Kråkenes fyr. Brukte mange timar der å kosa oss med naturen.

Flott botn med fjellvegg. Stien går på fin rygg ut av bildet til venstre.
Flott botn med fjellvegg. Stien går på fin rygg ut av bildet til venstre.
Mot Selje.
Mot Selje.
Mot Gjegnen og Ålfotbreen.
Mot Gjegnen og Ålfotbreen.
Plogen, Keipen og hyllefjella.
Plogen, Keipen og hyllefjella.
Hornelen.
Hornelen.
Stor fin varde, og utsikt mot havet og Stad.
Stor fin varde, og utsikt mot havet og Stad.
Mot Fiskå.
Mot Fiskå.
Berstad og Moldefjorden
Berstad og Moldefjorden
Ser oppover til venstre for stien. Bildet teke på retur.
Ser oppover til venstre for stien. Bildet teke på retur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.