Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (99)
- Snowshoe trip (99)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1484)
Blægja på skitur med Indre Sunnfjord turlag
- Date:
- 27.04.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 7:24h
- Distance:
- 22.0km
Heilt sida eg var lita har det vore snakk om skitur til Blægja, men av ulike grunnar har denne turen latt vente på seg. Eg har vore på Blægja fleire gonger, men då har det vore på beina og ikkje på ski. Mange gangar har eg høyrt om korleis denne turen er, med Heilevangsstaurane og snøskavlane som heng over staurane, slik at ein ikkje bør gå for langt ut, og om dei som har oppdaga kor langt ut på skavlen dei har vore. Det er også eit smalt parti, som kan verke litt skummelt siste stykket før toppen. I dag skulle Indre Sunnfjord ha tur ut på Blægja frå Bygstad og været var akkurat passe til at vi kunne få ein fin tur, så eg bestemte å bli med. Vi gjekk på beina opp ti Skaraly og hadde ein pause der. Deretter tok vi på skia og sette retning mot Blægja. Greit tempo, men >>>
Klungeren
- Date:
- 03.04.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:36h
- Distance:
- 10.8km
Kollegatur. Det var meldt ikkje alt for bra vær, men vi var tre kollegaer som likevel ville ta turen, sjølv om været ikkje akkurt sa strålande sol. Vi starta opp frå Masdalsgjerde på lett skare og fortsette heilt opp til toppen utan at skaren vart mindre. På toppen var det null utsikt og tåke, så det gjekk ikkje veldig fort nedatt. Grei tur, men hadde eg visst at det var skare snø heilt opp, så hadde eg nok tenkt at truger var betre.
Snønipa og Myklebustbreen frå Høyset
- Date:
- 01.04.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 9:15h
- Distance:
- 27.5km
Siste dag i påska og det var meldt sol. Fekk invitasjon om å være med på Snønipa denne dagen. Og ettersom eg mangla Myklebustbreen(1709moh) så var ønsket først og fremst bortom den toppen. Vi tok opp til venstre opp lia og vidare opp mot Snønipa. Etter kvart som vi steig oppover hadde sola teke meir og det var faktisk ikkje so verst å gå. Det verste var nok at det kladda litt under skia. Hadde ein fin liten rast på veg opp lia før vi fortsette opp til Snønipa. Det var mykje folk denne dagen, men då vi kom opp, så var vi aleine på toppen. Etter ein liten rast på toppen i strålande sol fekk eg med meg noko av turfølge bort på neste topp. Nydeleg føre frå Snønipa og bort til Myklebustbreen. Slakt og fint og pudderføre. Ein liten stopp på toppen før vi tok fatt på nedturen >>>
Kalsetrennet
- Date:
- 30.03.2024
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:16h
- Distance:
- 23.8km
Kalsetrennet i dag. Våkna til ein flott morgen med betre vær enn det som var meldt. Dette kunne bli ein fin dag for Kalsetrennet. Gjorde meg klar til å komme meg ut døra, men i det eg går ut regna det. Då var det innatt for å få på seg kle som er berekna på regn. så bar det av gårde opp til Langeland med tru på at det kanskje... kunne lette litt før eg skulle starte. Men den gang ei, så då var det berre å komme seg av gårde på skituren. Før krysset mot Fauskestølen stoppa regnet og jammen kom det litt solgløtt innimellom, så då var det berre å ta fatt på Fauskeløypa. Flott å gå, sjølv om det var noko blautt i sporet og skiskoa ikkje akkurat er siste skrik. Hadde ein avstikkar heilt opp til Fauskestølen, ettersom eg aldri har vore heilt oppe der. Då eg kom til >>>
Munkeggi i nydeleg påskevær
- Date:
- 24.03.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 7:20h
- Distance:
- 20.5km
Gode værmeldingar i dag og nysnø i høgda, gjorde at det frista med tur til Munkeggi. Eg inviterte med ein kollega, som fann ut at nokre turvener av ho skulle samme turen. Så då fekk vi følge av tre til. Vi starta i Saurdalen og fulgte spor oppover mot Kvilehytta og vidare Mot Saurdalseggi der vi hadde første matpausen. Vidare bar det opp til Igdedalseggi og opp mot Munkeggi Austre. Ikkje så langt bort til Munkeggi Østtoppen. Skavlane hang langt utover, så her var det berre å holde godt innforbi. Nesten vindstille rett under Munkeggi østtoppen, så vi fekk oss ein liten rast der før vi tok returen På veg nedover ville turfølge følgje ei anna rute ned, medan eg og min kollega tok samme ruta ned som opp. Den beste moglege starten på påskeveka, som eg kjem til å hugse lenge.
Ny skitur med tantebarna
- Date:
- 22.02.2024
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 0:45h
- Distance:
- 4.3km
Vinterferien kunne by på enda ein dag med opplett. Ny tur på Langeland, men denne gongen tok vi 5km løypa. Den første turen er alltid den tyngste. Så då vart det litt lenger tur i dag. Vi hadde tenkt å grille på Gapahuken øvst i løypa, men det var ganske krevjande på grunn av vinden. Vi tok difor med oss alt sammen ned til nedste gapahuken og fekk ein ny grillpause der.
Skitur med tantebarn
- Date:
- 21.02.2024
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 0:27h
- Distance:
- 2.0km
Når vi har besøk av tantebarna i Vinterferien, så er det obligatorisk å komme seg opp i skiløypene på Langeland. Denne gongen vart det kortaste løype og ein god tid til grilling av pølser og Marshmallows, samt aking i den fine aktebakken ved gapahuken rett ved stadion.
Endestadnipa
- Date:
- 17.02.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:57h
- Distance:
- 12.0km
Den einaste "ordentlig" fine solværsdagen i vinterferien. Litt skare på starten. Ellers veldig fint føre. Absolutt ein "høydare".
Fauskeløypa og Bjørnaholtløypa
- Date:
- 11.02.2024
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:13h
- Distance:
- 22.2km
Klungeren
- Date:
- 04.02.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 3:06h
- Distance:
- 10.0km
I følge værmeldingane skulle det være regn/snø heile dagen. Men då det lysna, så såg det ikkje så verst ut. I tillegg var det nysnø, som gjorde at det frista med ein skitur. Tok sjansen på Klungeren ettersom det er eit fjell eg kjenner greitt. På veg opp til parkeringsplassen var det ei blanding av sol, opplett og snøvær. Starta ved Masdalsgjerde og fulgte ruta oppover i puddersnø. Etter kvart som eg gjekk vart det lettare før meg. Rett før toppen starta snøen og tåka vart veldig tett. Fulgte skispora nedatt ettersom eg ikkje såg så veldig mykje foran meg. Gjekk noko sakte nedover før det letta heilt og siste delen av turen gjekk i opplett og nesten sol. Litt kladding på skia, men ettersom eg ikkje er overbegeistra over høg fart, var egentleg det perfekt for meg. Pudder >>>