Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (99)
- Snowshoe trip (99)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1484)
Rimmane og Ørnafjellet
- Date:
- 27.03.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 3:57h
- Distance:
- 11.7km
Værmeldingane i dag var så som så, så eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta ein lengre tur. Men då eg såg ut vindauget var være mykje betre. Valet i dag falt på Rimmane og Ørnafjellet. Eg forstod raskt at dette kunne bli ein vindfull tur, men det gjer ikkje så mykje, så lenge ein har gode klede. Eg fann også ut at truger kunne være tingen i dag, ettersom det har vore tendens til litt skare og eg ikkje er så frykteleg glad i bratt nedkøyring. Truger var heilt innafor ettersom skaren faktisk var langt opp i lia. Tok ein avstikkar på vestpunktet på Rimmane før eg gjekk til topps på Rimmane. Eg fortsatte mot Ørnafjellet, som kanskje er litt bratt oppover med truger. Heilt OK tur med mykje betre vær enn frykta.
Dyreheia
- Date:
- 20.03.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 0:58h
- Distance:
- 2.9km
Dunheia og Svinestranda
- Date:
- 09.03.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 5:32h
- Distance:
- 21.8km
Solskinnsdag som var meldt i nokre dagar og då såg eg mulighet for ein ny topp. Eg hadde eigentleg tenkt å gå med fjellskia, men eg hadde høyrt at det skulle være rimelig hardt i høgda denne perioden. Så då var det tryggast å velje trugene, eventuelt broddar. Starta med brodder og gjekk etter kvart over til truger. Køyrde opp ved Kvile og så langt eg turte med bilen. Derfrå gjekk eg opp ein traktorveg og vidare opp mot Kvilestølen Sikta meg opp mot skaret mellom Snøheia og Dunheia. Fortsette mot toppen av Dunheia for ein liten stopp før eg gjekk vidare med sikte mot Frøyseteggene og deretter til Blånibba. Eg fann ut at det ikkje var så langt bort til Svinestranda, så då tok eg rett og slett ein svipptur bort dit. Gjekk rett mot skaret midt på Svinestranda og tok med begge >>>
Trugetur frå Ramstad
- Date:
- 10.02.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 5:03h
- Distance:
- 17.2km
Parkerte ved Ramstad p-lomme og fulgte tråkka rute opp forbi Ramstadstølen og eit stykke før eg tok av sporet og sikta meg inn på toppen av Kvannfjellet. Eit lite stykke før toppen merka eg vinden godt, så det vart ikkje noko matpause på toppen. Gjekk vidare til Steinheia og deretter Høgefjellet før eg sikta meg inn mot Furebøstølen og nedatt til bilen. Greitt å gå med truger i dag ettersom det var avblåst på toppane.
Larsundstølen
- Date:
- 05.02.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 1:06h
- Distance:
- 4.1km
Hafstadstølen
- Date:
- 03.02.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 1:51h
- Distance:
- 8.0km
Det var meldt regn og sludd. Men då eg såg ut vindauget denne morgonen, så var det opplett. Fin tur sammen med min søster. Til og med litt blå himmel. Sludd og hagl starta i det eg satte meg i bilen heimatt.
Hafstadstølen i laussnø
- Date:
- 20.01.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 1:51h
- Distance:
- 5.8km
Mykje fram og tilbake i dag. Hadde planer om ein skitur på Vassenden, men -15 grader blei for kaldt og fare for snøvær seinare på dagen, gjorde at eg avventa litt. Etter kvart på føremiddagen blei det mildare og eg hadde håpa at nokon hadde valt å gå ruta opp til Hafstadstølen før meg. Eg gjekk i skispora, som tok retninga opp mot Halbrendsnipa. Frå krysset og opp til Hafstadstølen var det ikkje oppgått, men 40cm tung laussnø og det vart ein tung tur opp til Hafstadstølen derfrå. Blei nådd igjen av ein annan turgåar, som var fornøgd med innsatsen eg hadde. Ho tilbydde seg å gå litt foran for å gå opp. Så vi skifta på det. Uansett ein heftig trimtur, til tross for at det "berre" var 3km kvar veg.
Nordheia
- Date:
- 13.01.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 1:11h
- Distance:
- 3.8km
Ein nesten gjentaking frå turen på julafta, sjølv om det ikkje var fullt så mykje snø. Valte trugene, i motsetning til ein del andre denne dagen. ein del nysnø gjorde at truger var det rette å bruke opp bakkane. På toppen var det tåke og null utsikt. Returen vart litt lettare på grunn av vinden i ryggen.
Flatenipa
- Date:
- 07.01.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 12.6km
Det var meldt litt vel kaldt i indre, og ikkje fullt så kaldt i Eikefjorden. Tok difor turen ut med kollega. Brukte broddar opp til Hovlandsstøylen og truger vidare derfrå. Snødekket var akkurat passe for truger, med hard sole og nokre få plassar med laussnø. Vi hadde ein liten stopp ved Nipevatnet, der vi kjente at sola varma. Gjekk vidare derfrå og opp på Flatenipa og tok ein liten matpause der med sol og vindstille. Vi fulgte ruta vidare ned mot Kvitefjellet, eller Litjenipa som det heilter for Eikefjordingane. Rett under toppen på Flatenipa revna reima til truga til kollegaen min og ho valte difor å ta returen samme vegen som vi gjekk opp. Vi skulle møtast litt lenger nede. Eg gjekk ned til Litjenipa og vidare derfrå ned dalen som ligg mellom Litjenipa og Flatenipa. Fint å >>>
Ekstratur
- Date:
- 02.01.2024
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 1:58h
- Distance:
- 5.8km
Etter skituren var eg ikkje heilt klar til å gå innomhus enno. Skifta til Truger og gjekk litt på måfå for å oppdage nye turar i nærleiken. Traff på eit par skispor og fulgte dei inn til Torsbotnen.