Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Skaret -Leikongsætra

Date:
11.03.2023
Characteristic:
Backcountry skiing

Etter eit digert snøfall, der det lava ned store snømengder på barmark, så ville eg og Ørjan teste ut fjellskia på Leikongsætra. Det var ingen som hadde vore ute før oss denne dagen, så det vart å bakse og kave seg oppover mot Skaret. Ungdommen måtte nok pløye mest spor :) Sidan der ikkje var nokon såle av snø under, så trakka vi veldig langt ned. Det var heftige greier for lårmusklane. God trim ialle fall og kjekt turfølge. Snudde rett før Skaret. Nedatt gjekk det også smått. Vart reinaste snøplogane der vi kom.