Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Nova

Datum:
31.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:05h
Entfernung:
12,2km

Starta med litt regn i det eg parkerte i Norddalen. Regnet fulgte meg meir eller mindre opp forbi Finneskotet. Eg tok likevel sjansen på at dei mørke skyene over Nova skulle gje seg. Og det gjorde dei. Då eg kom opp til toppen hadde det letta og skyene forsvann. I tillegg vart det heilt vindstille, så eg må innrømme at eg hadde mest lyst å berre bli oppe lenge for å nyte utsikta og det fine været. Tok ein avstikkar opp til Skorafjellet, der eg fekk den flotte raude solnedgangen. Klarte akkurat å komme tilbake til bilen slik at eg slapp å bruke hovudlykt.

Karte    

Nordheia

Datum:
30.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:06h
Entfernung:
4,2km

Flott og solfylt kveld. Litt overraskande med regnboge på veg ned. Men det betyr vel at det er litt fukt i lufta likevel.

Karte    

Hetleegga

Datum:
29.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:22h
Entfernung:
8,4km

Tur med fine kollegaer ved Førde vgs. Det var greie værmeldingar denne kvelden. Etter ei lita stund kom regnet, men ikkje så mykje at eg hadde behov for den regnjakka eg glømte heime. Etter kvart letta det og så kom finværet og sola. Det blei etter kvart ein fin, men litt våt tur. Elskar dei fine solnedgangane som kjem no på hausten.

Karte    

Knolten

Datum:
26.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:13h
Entfernung:
1,0km

Karte    

Gytta

Datum:
24.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:30h
Entfernung:
2,1km

Karte    

Liafjellet

Datum:
23.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:40h
Entfernung:
2,0km

Ja, eg føl folk på Instagram og ja, eg vert litt inspirert. Det er lange arbeidsdagar no når det er skulestart og valkamp. Det betyr at det ikkje alltid er like mykje tid til lange fine ettermiddagsturar. Etter å ha sett fleire som har lagt ut bilder av utsiktspunktet på Liafjellet, så fann eg ut at dette var ein passande tur etter ein litt lang arbeidsdag. Tok med ei turvenninne sidan ho også har vurdert denne turen. Litt knoting, men fann til slutt ruta opp. Det er tydeleg at det har regna ein del i det siste sidan stien var i overkant våt. Heilt grei tur og veldig god betaling for relativt lite innsats i form av flott utsikt. Kjem nok til å ta fleire turar opp hit. Fekk tilbud av ein forhandlar, som hadde litt fine t-skjorter, som er akkurat etter mitt hjarte, med teksten "hike >>>

Karte    

Hornnesstølen på alernativ sti

Datum:
21.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:57h
Entfernung:
6,6km

Fann ut at vi skulle ta ein tur på Hornnesstølen denne kvelden. Oppe ved gapahuken fann vi ut at vi skulle prøve ruta via 7.benken. Etter kvart forstod vi at denne ruta ikkje er så mykje brukt som den faste ruta vi vanlegvis bruker. Litt gjengrodd innimellom, men etterkvart såg vi at vi kom oss på "den rette sti". Eit stykke oppover fann vi ein stige midt på eit berg. Det blei litt klyving opp til stigen. etter denne stigen fann vi ein litt meir brukt tråkk oppover. Litt myrete det siste stykket opp forbi Hornnesstølen. Etter ein litt meir eller mindre "strabasiøs" tur opp til stølen, var det greitt å følge resten av ruta opp til Klumpen. Fulgte ruta ned til Hornnes. Gjennom skogen oppdaga vi etter kvart at mørket kom fortare på enn det vi har vore van med >>>

Karte    

Haukånipa

Datum:
20.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:51h
Entfernung:
9,7km

Etter ei lang veke med førebuing til skulestart og valkamp, var det på tide med ein litt lenger fjelltur. Fann ut at det var ei stund sida eg hadde vore på Haukånipa, så då vart valet der. Flott tur og enda flottare utsikt. Returen gjekk ned via Gulskarlivatnet.

Karte    

Steiafjellet

Datum:
19.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:49h
Entfernung:
5,8km

Snart skulestart for elevane som skal komme på mandag. Det betyr at det ikkje alltid passar like godt med ein fjelltur på kvelden. I tillegg er det valkamp, som betyr at laurdagane går med til å stå på stand. I dag vart det stand på Sande og då nytta eg muligheten til å ta ein tur på Steiafjellet etterpå. Litt regn inn i skogen, men dette gav seg etter ei kort tid. Mykje vind på toppen, så det vart berre ein liten stopp for å ta eit par bilder. Etter det eg veit, skal det gå ei rute ned på andre sida, men eg tok ikkje sjansen til å prøve ut på grunn av usikkert vær.

Karte    

Hornet

Datum:
13.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:25h
Entfernung:
18,9km

Parkerte ved parkeringslomme ca 200m frå vegen der stien starta. Fulgte vegen opp og vidare på traktorveg opp til Hamnnessætra. Derfrå vidare på sti opp til Hornet. Fann ut eg skulle prøve å gå vidare og fulgte merka rute. Utfordringa var at eg etter kvart fann ut at eg var litt på "ville vegar" forbi Nova, den merkinga som gjekk til venstre var nok ein litt anna plass enn eg hadde tenkt meg. Etter litt "knoting" opp og ned, gjekk eg opp igjen til Nova og fann stien ned skaret. Så konklusjonen min vart at eg anbefaler å gå på skrå ned på høgre side av Nova. Der var det greitt merka. Sikta meg inn på Grønskrednyken og vidare på Bjørnaskarnakken. Fulgte betre med på returen og fulgte (nesten) merka rute tilbake til Hornet og ned til bilen. Det regnet som >>>

Karte