Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Bergsheia

Datum:
31.07.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:32h
Entfernung:
6,1km

Usikker på været i dag og det var meldt fare for styrtregn litt lenger inne. Sjekka difor værmeldingane om at det skulle være fint vær i Bygstad. Sola skein heile turen og nesten heilt vindstille. Tenk å få fleire slike fine ettermiddagar. Det er komt ein anleggsveg eit stykke opp i lia. Det gjekk fint å køyre opp. Det var sett opp ei bru rett opp i bakken. Stien vart ein del kortare opp skogen.

Karte    

Jøtelshogjen

Datum:
30.07.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:36h
Entfernung:
8,4km

Ettersom værmeldingane ikkje var det beste, ville eg finne ein ikkje altfor lang tur. Det er ei stund sidan eg var på Jøtelshogjen, så då falt valet på den. I Førde var det opplett og på veg ut mot Dale blei det meir og meir regn. Eg vurderte faktisk å snu og heller finne ein kort tur i Førde. Men så fann eg ut at eg kunne finne ein kortare tur dersom været ikkje skulle være på mi side. Det er godt å lufte seg likevel. Parkerte ved Dalsåsen og etter nokre få minutt i bilen såg det ut til å lette. Så då eg kom meg ut av bilen var det berre litt yr. Trakka i veg opp i retning Havreheia og etter kvart vart det merka Jøtelshogjen. Etter ei lita stund slutta det å regne heilt og eg må innrømme eg vart veldig glad at eg tok sjansen. Sjølv om det hadde slutta å regne, var >>>

Karte    

Kinn

Datum:
29.07.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:35h
Entfernung:
9,7km

Nydelege værmelingar. Eg må innrømme at eg vart litt inspirert frå gårsdagens tur over Reksta, så eg for like godt ut til Florø igjen og tok båten til Kinn. Denne gongen skulle eg opp på toppen av Kinnafjellet, sidan eg har hatt to turar ut til Kinn utan å få gått på denne toppen. Med på turen hadde eg min søster, som omsider takka ja til å være med. Vi tok båten over og første mål var Kinnafjellet, sidan vi begge ikkje hadde vore der før. Det var bratt opp første partiet, der var det sett opp tau, som var godt å halde i på veg opp. Etter kvart så kom vi oss opp og kunne ta lunsjen vår med flott utsikt. Det var ei lita stund fare for litt havtåke, men den forsvann like fort som den kom. Etter ein liten pause på toppen, for vi nedatt og spekulerte på om vi kunne >>>

Karte    

Over Reksta

Datum:
28.07.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:17h
Entfernung:
8,6km

Tok båten over til Selvåg. Eg måtte gje beskjed på førehand at eg skulle dit. Gjekk på skrå til venstre mot grinda og gjennom. Fulgte gjerde til merking av ruta opp mot Indre Rekstafjellet. På høgda tok eg av til høgre mot toppen. Frå stien over Reksta må ein gå nokre meter til toppen. Der er det litt mindre sti, men merka greitt. Gjekk tilbake til varden før eg fortsette ruta til andre sida. Vidare fulgte eg skilting og merka rute til Midtre rekstafjellet. Slakt og fint opp. Bratt nedatt. Etter Midtre Rekstafjellet var det tid for Harefjellet. Det er det brattaste fjellet av desse tre. Der går det ganske bratt opp i høgda og enda brattare ned. Traff på eit turfølge som konkluderte med å gå ned der eg hadde gått opp.

Karte    

Skudalsnipa og Fossedalsegga

Datum:
27.07.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:07h
Entfernung:
15,5km

Litt grått i Førde i dag morges. Værmeldingane var betre i ytre og tok sjansen på at eg skulle fullføre toppane ved Guleslettene ettersom det står berre to att. Parkerte ved parkeringslomme i Øvrebotnen og fulgte traktorveg opp Norddalen og vidare merka rute derfrå. Slakt og fint i starten, noko brattare opp skaret før Fossedalsvatnet. Tok til venstre opp ved eit stiskille og fulgte sti opp mot Skaravatnet. Tok til høgre opp på høgda før Skudalsnipa. Retur ned til Skaravatnet etter eit par bilder. Fulgte ruta tilbake til stiskille der eg gjekk først opp på Vestre Fossedalsegga, ettersom det var relativt kort opp. Sikta meg inn på ein sti, som gjekk opp mellom Fossedalsegga og Austre Fossedalsegga. Retur ned derfrå samme vegen, men først opp på Austre Fossedalsegga. Gjekk >>>

Karte    

Kolåsfjellet og Vardebu

Datum:
26.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:16h
Entfernung:
4,3km

Siste turen denne solskinnsdagen. Fulgte ruta opp til Vardebu. På veg opp traff vi på ein svært hyggelig mann som fortalte litt om området og utsikta. Han kjente godt til historien om dagsturhyttene i Hordaland og arbeidet som er gjort for å få hyttene på plass. Kjekt å treffe på lokalkjente og få litt historie på kjøpet. Turen vår gjekk vidare til Kolåsfjellet der vi såg ned på andre sida, blandt anna mot Masfjordnes. Stien frå Vardebu til Kolåsfjellet er tilrettelagt slik at vi slapp å bli våt på beina. Joggesko hadde vore heilt greitt skotøy. Nydeleg solskinnsdag med tre av dagsturhyttene. Fekk snap med bilde heimafrå der været ikkje akkurat var strålande. Dette gjorde ekstra godt med tanke på val av plass å være denne dagen. Vi hadde tenkt oss på overnatting >>>

Karte    

Litlåsfjellet

Datum:
26.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:16h
Entfernung:
1,1km

Parkerte der vi såg det kunne parkerast og gjekk opp vegen. Toppunktet ligg nokre få meter frå vegen. Ikkje akkurat panoramautsikt. Men grei tur.

Karte    

Vardetangen

Datum:
26.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:26h
Entfernung:
2,0km

Eg var her for eit par år sidagn i lag med mi datter. Denne gongen ønskte min mann at vi skulle ta turen, sidan han har ønskje om å besøke flest moglege dagsturhytter og at det er kjekt at vi kan ha eit felles prosjekt. Turen bort er lettgått og tilrettelagt for barnevogn. Nydeleg solskinnsdag.

Karte    

Fedjebjørnen

Datum:
26.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:13h
Entfernung:
0,8km

Ettersom vi tok turen ut til Fedje og høgste toppen ikkje akkurat var noko slit, så blei det ein tur på Fedjebjørnen. Grei sti til topps, ikkje akkurat noko stort slit. Utsikta var ikkje noko å klage på. Flotte nøkkeroser i tjerna på Fedje.

Karte    

Aurihophytta

Datum:
26.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:44h
Entfernung:
2,4km

Starta frå Førde tidleg denne dagen for å besøke nokre dagsturhytter (i tillegg til eit par toppar) Nydeleg ver og tendensar til varmt, sjølv på Fedje.

Karte