Hafstadfjellet 17.mai (17.05.2024)


Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 1h 30min
Entfernung 6,2km
Höhenmeter 412m
Karte
Besteigungen Havstadfjellet (706m) 17.05.2024
Besuche anderer PBE Klyvepunkt Hafstadfjellet (595m) 17.05.2024

Ettersom ungane er vaksne, så har eg nesten gjort det til ein tradisjon å ha ein tur ein eller annan topp i Førde før bunaden skal på og festen kan starte. Årets salutt i Førde var litt av det heftigaste laget. Heile huset rista første gangen. og gang nr 2 rista det enda meir. Dersom det var nokon i byggefeltet som ikkje var våken før, så vakna dei i alle fall kl 7.00.
Flott og vindstille og fin temperatur ved Bekkjavatnet denne dagen. Tørt og fint i stien heilt opp. Ein liten stopp for fotografering før returen til Bekkjavatnet. Der fann eg eit berg der eg heiv meg uti vatnet for ein dukkert. Veldig fint og forfriskande og ikkje så kaldt som eg hadde venta. Ein finfin start på dagen. Då var det berre heim å få på seg finstasen før turen til Førde for å få med seg litt av folkefesten.

Blikkstille Bekkjavatn
Blikkstille Bekkjavatn
Førde har nok vakna til liv
Førde har nok vakna til liv
Utsikt mot Hestane
Utsikt mot Hestane
Blei for fristande til å ikkje bade
Blei for fristande til å ikkje bade

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.