Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Kjertåsen og Tofjellet

Datum:
14.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:00h
Entfernung:
17,9km

Fant en grei p-plass nokon hundre meter frå Rv 42 ca 2 km vest for Krossmoen. Gjekk nordover på grusveg og vidare på traktorveg eit stykke før eg gjekk ut i terrenget og opp på Kjertåsen nordfrå. Ingen sti annet enn sporadiske dyretråkk. Retur sørover over en sekundærtopp kalt stien og så bratt ned gjennom skog til Lomelandstjørna. Åt en del blåbær underveis så det blei en rundtur på ca 2 t. Gjekk så vidare til Tofjellet på traktorveg nokså langt opp og så ut i terrenget. Vidare over fleire småtopper. Mesteparten av tida i tungt terreng med høgt gras, men og enkelte strekk på veg.

Karte    

Vestknuten

Datum:
04.11.2021
Karte    

Glovheia og nabotopper

Datum:
28.09.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:15h

Frå Fv 42 gjennom Eigersund by er det skilta mot Koldal og Helleren. Begynte å gå frå nordenden av Ulsvatnet (rett før garden Helleren) der det er skilta mot flystyrt. Fulgte grusveg opp til nordenden av Illgjernsbutjørna. Der fortsetter stien i fuktig terreng langs vestsida og sørenden av tjørna til flyvraket. Eg gjekk dog først opp til Ørnafjellet via ein gammal veg opp eit stykke austover og så ut i terrenget opp til toppen. Ifølge detaljkart er trigpunktet 303,7 m mens ein topp ca 40 m lenger aust-søraut er 303,9 m. Tok så ein tur over Holsteinknuden og Rudalsknuden, og så ned til Illgjernsbutjørna der det ligger flyrester i vannkanten og var eit minnesmerke på fjellknausen. Det var eit britisk fly med polakker ombord som styrta i fjellveggen der den 30. oktober 1942. Etterpå >>>

Kjerdalsfjellet og diverse

Datum:
27.09.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:30h

Gjekk først til den etter kvart så vidkjente steinformasjonen som fekk mykje mediamerksemd sommeren 2017. God merking og en del folk på tur denne sundagen. Så vidare sørover i myrete terreng uten sti til eg kom inn på vegen mellom Veshovda og Nordland. Fulgte så ein skogsveg og kom inn på veganlegget i fbm vindmølleparken i området rundt Kjerdalsfjellet. Hovedvegen er dog frå Koldal sør for mølleparken. Etterpå fulgte eg ein merka sti forbi Laupstad til Kjervall. Gjekk så over Ørnafjellet, Litlåsknuten, Pallen og Åsen. Fryktelig terreng i området rundt Åsen med bratte skrenter og einarkratt. Kom ned til demningen i sørenden av Øygreisvatnet. Det går veg som er stengt med bom mellom Øygrei og Sletteidvatnet som eg fulgte tilbake til utgangspunktet.

Karte    

Nokkåsen

Datum:
26.09.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:30h

Frå Fv 42 kjørte eg inn der det er skilta Leirduebane omtrent midt mellom Krossmoen og Eigersund. Kjørte ca 2 km og parkerte litt før leirduebanen. Fulgte merka tursti til Nokkåsen og brukte ein liten halvtime til toppen. God utsikt utover mot Eigersund by. Retur over høydedraget nordover over Takåsen og Laureidfjellet, og så ned til Øygrei og langs vegen tilbake til utgangspunktet.

Karte    

Store Skykula

Datum:
23.05.2015
Karte    

Oddedalsknuten og Dyrdalsknuten

Datum:
27.03.2015

Gjekk på ski frå Eigelandsdalen. Godt med snø heilt frå vegen på drøyt 300 moh. Over 600 moh var snøen så hard at eg heller bar skia på resten av turen. Var først på Oddedalsknuten og la skia igjen i Dyrdalen og gjekk opp og ned den bratte sørsida til Dyrdalsknuten der det var soltint snø. Så opp og ned nordsida til Stølsdalsfjellet. Deretter over Bessevatnet til Slettheia, Ørnehedlaren og Almefjellet. Veldig bratt på vestsida av Ørnehedlaren men fant ei renne å gå ned og kløyv opp igjen i sørsida etter at eg hadde vore på Almefjellet. Gjekk ned langs vestsida av Bessåna til Gystøl og så 2 km langs rv 42 tilbake til utgangspunktet. Det var periodevis sol og frisk bris frå nordvest denne ettermiddagen.

Karte    

Ramnafjellet og Rusta

Datum:
06.07.2013
Tourcharakter:
Wanderung

Kjørte av E39 ved toppen av Saglandsbakken mot Åsen. Gjekk på sti til Ramnafjellet. Etter ein pause på toppen gjekk eg vidare uten sti over beitemarker og stedvis tungt terreng med plagsom vegetasjon søraustover til Tuv, Kolleknuten og Stapsåsen. Vidare vestover til Snåra, Kjøllefjellet og Rusta. Så ned nordover tilbake til utgangspunktet på Åsen.

Karte    

Ørnatuva og Lundafjellet

Datum:
20.06.2013
Tourcharakter:
Wanderung

Gjekk frå Vinningland. Fulgte sti opp til Storeknuten, og så på Fløyfjell og Ørnatuva som er tvillingtopper med Fløyfjell som høgast med 252 m. Så ned mot Saglandsvatnet, og litt sørover langs E39 og over Såtenipen som ligger mellom E39 og Saglandsvatnet. Deretter til Lundafjellet, Sauafjellet, Tofjellet og Ommundsknuten og ned til Søre Tengesdal. Gjekk det aller meste av turen uten sti over beitemarker og stedvis tungt terreng, men siste del av turen på vegen nordover til Vinningland.

Karte    

Nonsknuten og Sandfjellet

Datum:
09.03.2013
Karte