Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vådlandsknuten

Datum:
26.04.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Vallresknuten

Datum:
19.04.2022
Tourcharakter:
Tourenskilauf

3. påskedag og nær folketomt på Giljastølen. Sikkert siste dag med samanhengande skiføre frå botn av trekket. Mange skispor oppover etter ein av dei betre snøpåsker til 2000-talet å vere. La turen via Måkavatnet og Kalledalsvatnet og opp på Vallresknuten sørfrå. Mange hadde skrevet seg inn i vardeboka i påsken. Retur strakaste vegen via Måkavatnet ned til Giljastølen. Varmt ver og mjuk snø, men begynnande skorpe i skyggesidene om kvelden.

Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
07.04.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Klubbafjellet og Langafjellet

Datum:
02.04.2022
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:30h

Gjekk opp til hoveddammen til Lyngsvatnet og via Tjørnastølfjellet til Klubbafjellets to topper. Så bortom Klubbane og ned i Lyngsdalen og opp til Langafjellet. Her står ein flott varde på trigpunktet, men høgaste punkt viser seg å vere ca 200 m lenger nordaust. Så ned til Meinstjørna og over fleire sekundærtopper i dette området. Vidare bort til Rausdalsfjellet som har flott varde. Siste topp blei Middagsknuten der eg måtte bratt ned i Nystølskardet til fots. Isøks var veldig godt å ha med nedover i den nordvendte skråninga med hard snø. Mjuk snø i den sørvendte skråninga opp til Middagsknuten. Retur tilbake via Rausdalsfjellet og rant ned sørover i Lyngsdalen og ut på det regulerte og sterkt nedtappa Lyngsvatnet. Gjekk i land ved hoveddammen i vestenden og så ned til >>>

Karte    

Krøysaheia og nabotopper

Datum:
01.04.2022
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:15h

Var først oppom Jamnarheia, og så ned på Sandvatnet til sørvestenden ved Pramstød. Vidare vestover litt opp og ned til Krokavatnet og så opp den bratte nordaustsida av Krøysaknuten der eg bar skia på hard snø. Vidare til Lågahei som har stor flott varde, og så ned over Krokavatnet opp til 682-toppen, Tjørnadalsheia, Svarefjelelt, Tindafjellet og Nordnesknuten. Til sistnevnte gjekk eg opp og ned til fots via søraustryggen. Retur via Sandvatnet tilbake til utgangspunktet.

Karte