Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vierheii og Vardsvasseggene

Datum:
31.05.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:30h

Gjekk frå vestsida av Håhellervatnet over vatnet forbi Håhellerhytta og opp langs Smogedalen til Øyuvseggin. Det var stor trafikk på Suleskardvegen og mange som stoppa for å ta bilder av dei imponerande brøytekantane. Rant ned forbi sørenden av Knutstjørn. Her var ein gjeng som rasta. Eg prøvde å passere på god avstand, men ein gutt kom mot meg og spurte om eg ville ha lapper. Eg takka sjølsagt ja til det, og fekk både lapper og kaffi. Gjekk så vidare til Kalvetjørnknutane, og så nordover over Gunnarsvatnet og Ivlungsvotni og opp til Vierheii. Så vestover til Vardsvasseggene og via rosskreppdammen tilbake til Håhellervatnet.

Karte    

Urdalsknuten

Datum:
30.05.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
11:30h
Karte    

Lidvoren og Dansarfjellet

Datum:
29.05.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:15h

Brokke-Suleskardvegen åpna etter vinterstenging fredag 29. mai kl 12. Dette skal ifølge erfarne brøytefolk være den mest snørike våren i denne vegens 30-årige historie. Måtte dermed utnytte det fine veret pinsehelga til vårskiturer i Setesdalsheiane. Gjekk frå Håhellervatnet forbi Håhellerhytta og nokonlunde langs sommerstien til Sandvasskvæven. Så sørover Sandvatnet og Nordra Monsvatnet og opp nordvestsida til den namnlause 972-toppen nord for Lidvoren. Usikkert om den er pf 100 sidan ØK har 20 m-koter. Vidare over Lidvorens to topper og sørover til Dansarfjellet, og så over Falkarheii og ned nordover Søra Monsvatnet og inn på spora mine igjen på tilbaketuren. Anslår turen til snaut 40 km, korav mesteparten over islagte vatn med veldig gode snø- og isforhold.

Karte