Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Fidjaknutane

Datum:
01.06.2002

Gjekk frå Høgaleitet på T-merka sti mot Blåfjellenden turisthytte. Ved leitesvatnet gjekk eg vestover forbi Langatjørn og Hjortahommen og opp nordaustryggen til Fidjaknuten. Stor og flott varde på toppen med flott utsikt i alle retninger. Det aller meste av snøen hadde forsvunnet, men ein del snøfenner igjen. På returen gjekk eg sørover og på vestsida av Mørkatjørna kom eg inn på ein sti som går ned til Brådlandsdalen. Vel nede i Brådlandsdalen gjekk eg austover og langs sørsida av Brådlandsvatnet. Her er det eit lite stykke stien går akkurat i vasskanten. På avstand såg det ikkje ut til å vera mulig å gå tørrskodd over der, men det gjekk greit. Vidare langs Djupavatnet tilbake til Høgaleitet. Det var halvskya til lettskya ver denne laurdagen.

Karte