Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Nordnosi

Datum:
22.06.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
19,2km

Fekk tanke om topptur etter jobb. Med ein time avspassering la eg i veg frå Ofta, 2,3 km heimafrå. Stølsveg mot Oftedalen, og Liastølen. Tok over på sti mot Visete, og like under på nasekurs mot Nordnosi. Moro å lese terreng, og finne god rute i bratta. Når det flatar ut, er det lettgått steinterreng innover fjellet. Går mot stor varde (som ikkje er høgast), og vidare til høgaste punkt, ein god km lenger aust. Nydeleg utsikt opp grønnkledde dalar mot sør. Her oppe er ein på «taket», og har vidt utsyn. Vidare rute gikk mot Torsfjellet. Likar å finne anna rute heim, for variasjon sin del. Store varder her også, og lett å orientere seg visuelt. Så blir det ned rygg, og over fleir små knausar med varde, før ein når den ultimate utsikta. Torsgjelfjellet. Ser Lærdal, langt >>>

Karte    

Horgehorna

Datum:
05.06.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
12,2km

Fint varmt ver, overskya, med snev av sol. Sidan skisesongen er på hell, og dei fleste raude toppar i Lærdal er frå 1300 meter og opp, passa det med ein sydvendt topp i dag. Snø vart i motsetning til sist helg, ikkje noko problem. Det hadde smelta godt, og dei få fænnene som var, kunne unngåast. Ruta byrja ved del av den legendariske Kongevegen i Lærdal. Eg gikk frå aust på Vindhellavegen, opp til skaret. Derifrå er det merket til Åsen, og vidare heilt til vatningsveiter opp mot 1200 moh. Øygardsbotnen er eit vakkert område. Derifrå er det å finne ei god rute til toppen. Nydeleg tur, og god utsikt. Returen la eg om dei to Liastølane, Øvre og Nedre, og kom att ved Li overfor bru til Lo (Borgund kraftverk). Nokre hundre meter å gå langs asfaltveg tilbake til start-punktet.

Karte