Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Hornelen

Datum:
26.08.2018
Entfernung:
14,5km

Fellestur med Lærdal turlag. Den årlege medlemsturen var i år lagt til vest, med base i Kalvåg, og to toppturar. Siste dag var det Hornelen som skulle erobrast. Vi gikk den nordlege ruta frå Hundskår. Vi var 12 i turfylgjet som fekk ein fin dagstur, i for det meste skya ver, med solgløtt og ei lita regnbyge. Det overraska underteikna noko at ruta hadde såpass bratte parti, at ein måtte vise vasemd, og ta hendene til hjelp. I bratta opp, dei fyrst 400 høgdemetrane, var det stort sett rennande bekk i stien. Så noko glatt, surklete og blautt etter fleire dagar med regnver. Over fjelletpartiet var ingridiensane som venta stein, heile vegen. Oppå fjellet hadde skjerpaer snudd på plass store steinblokker, slik at det nærast var parkett eit par km på det flataste partiet. Vi var tre som >>>

Karte    

Sundstua

Datum:
25.08.2018
Entfernung:
6,3km

Tur til toppen på Rugsundøya med fantastisk utsikt til Hornelen. Denne turen var lagt inn som ein aperetiff på Lærdal turlag sin årlege medlemstur. I år var vi for fyrste gong til kysten. Målet var Hornelen (nådde den dagen etterpå), sosialt samvær med overnatting og god mat i Kalvåg. Det vart ein fin dag med enno eit topp og nydeleg utsikt. Nokre små regnbyger under vegs, og ei skikkeleg byge på toppen. Dette sette ingen dempar på opplevinga. Ein god topptur-smakebete før morgondagen, og skjerpa apetitten til det nydelege koldtbordet "Havets festmåltid" som vi kosa oss med seinare på kvelden på Knutholmen.

Karte    

Storehaugen i Lærdal

Datum:
19.08.2018
Entfernung:
6,1km

Topptur frå heimen.

Karte    

Høgronden travers

Datum:
03.08.2018
Tourcharakter:
Hochtour
Entfernung:
24,4km

Rondane travers i dag. For ei oppleving å vandre til, og over så mektige fjell. Vi brukte 12 timar, og var godt slitne då vi nådde Dørålseter litt over kl. 19. Dagen før hadde vi parkert bubilen ved turisthytta Nedre Dørålseter. Vi fekk orkesterplass til det vakre panoramaet. Vi tilbaud betaling for parkering og lading. Svaret var at vi kunne stå der gratis, og lading av mobilar og klokker, ville dei heller ikkje ha betalt for. For ein sørvis. Vi kvitterte med å handle litt hjå dei. Turen innover dalen gav opplevingar heile vegen. Frå dødisgropene, dei enorme sandhaugane, morenen, og fjella. Seinstablar i ulik form og fasong. Under vegs kom vi i prat med eit ung tysk par, som hadde tenkt seg på Høgronden. Dei var litt usikre i starten, om dei var på rett veg. Ca. 20 min. frå >>>

Karte    

Snøhetta med fleire.

Datum:
01.08.2018
Entfernung:
21,8km

Fin tur i Snøhetta-massivet i dag. 3 toppar kryssa av :) Kroppen kjenner det som den skal, men dett gjer berre godt. Vi hadde planlagt Snøhetta stortoppen og Midttoppen. Vi nådde den fyrste etter ca. 2 1/2 time, og gikk raskt over til Midttoppen. Fantastisk utsikt over stup, brear og frodig landskap. Tilbake til stortoppen vart det litt fotografering, før vi vende ned att. Vi rekna litt på tida, og kom til at vi skulle ta sjansen på Snøhetta Vesttoppen også. Det kunne halde hardt med tanke på siste buss kl 19:45. Men, det er da husrom på Snøheim. Det vart ein realtivt tung tur opp mot Vesttoppen sidan vi ikkje hadde berekna mat til denne avstikkaren. Marita sleit, men kjempa seg målbevist opp. Og for ei belønning. Utsikta til toppane bakafor var formidabel. Lyset på vatna, Larstinden >>>

Karte