Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Brurastakken

Date:
18.05.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
1.6km

Før tur nr. 3 i dag, køyrde vi ned ved moloen på Herland. Rusla og fotograferte litt. Då vi skulle køyre att, ser vi ei dame med hund, som eg dreg kjensel på. Kven andre enn Reni Herland, møter ein tilfeldig på Herland ? Kjenner henne frå tidlegare i jobb-samanheng. Artig treff, då ho ikkje bur, men har vakse opp her. Køyrde så opp til sti-start ved høgda. Kan nemnast at det sikkert hadde vore ein finare tur å gå denne frå Herland og opp fjellryggen. Frå stistart som eg nytta var det knapt 10 min. opp til Brurastakken. Nydeleg utsikt. Også innover fjella, og til alle småholmane sør-vest. Gikk også bort til Skardvikenova. Her var "SjekkUt". Det var også ein benk med flott utsikt til Tvibyrge og Alden. Dei to øyane må eg nok besøkje ei annan gong.

Map    

Mehuken

Date:
11.05.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
3.6km

Kjapp morgentur blandt dystopiske vindturbinar. Lyden var ikkje det verste, svisj. Men skuggekastet, når sola kika fram var ubehagelig. Då kom ting meir på plass då eg kom ut på kanten av fjellet. Utsikta ned til Kråkenes-bygda var til å miste pusten av. Utrulig vakkert ! Og sikta mot storhavet. Landkrabba meg likar det. Småjogg nedatt til bubilen, og klar for neste tur.

Map    

Kletten

Date:
20.04.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Finfin og lett tur nr 2 i dag. Fin og for det meste grasdekt traktorveg, før sti i lyng og på sva mot toppen. Fantastisk flott utsikt frå denne relativt låge toppen.

Map    

Klantenovi 6

Date:
30.03.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Det minka på snøen. Litt is innimellom, og greitt med snøkjetting i dag. Mildt og fint turver.

Map    

Rundemannen

Date:
26.03.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
12.2km

Morgon-tur opp mot Fløyen, og innover fjellet. Blå himmel då eg gikk ut døra frå hotellet, men skyer på veg inn. Fin tur oppover, men litt forbi Fløyen kom det snø-vèr. Det var no berre artig, då det gav seg fort. Så greie forhold å gå heilt til masta, og ikkje glatt på vegen. Hadde byrja på tur vidare til neste "fjell", men ombestemte meg, då eg måtte sjekke ut innan kl. 12.

Map    

Amlaholten

Date:
12.11.2023
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.9km

Når ein fyrst er i siget. Tok av mot Festingdalen i staden for å køyre gjennom tunnelen, og rett ned på ferjekaien. Parkerte ved stistart. Her er plass til 6-8 bilar. Har gått denne runden tre gonger tidlegare. Ved sidan av meg laga ein jæger seg til. Eg sa kor eg tenkte å gå, og spurde om det vart problematisk. Vi lyt dele på området, var hans gode svar. Vekselsvis gikk eg raskt, og småsprang på traktorveg innover. Den blir noko smalare ATV-veg etter kvart. Siste stykke opp mot toppen er «små-klyvete». Oppe på toppen er nydeleg utsikt mot Bleia, og ut fjorden mot flotte fjell over Aurlandsfjorden. Litt for store bartre tek noko av denne utsikta. Heldt fram på brei sti, og etter kvart traktorveg nedatt. Fin rund-tur.

Map    

Klantenovi 0723

Date:
20.07.2023
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.0km
Map    

Lisbetnøbbi ved Gol

Date:
26.05.2023
Characteristic:
Jogging
Distance:
6.0km

Ein liten pause i bubilkøyringa til austlandet. Nytta tida godt til ein kjapp tur. Fint område ved skule og idrettsanlegg. Diskgolf, sykkelløype og stiar. Golingane har høve til rekreasjon i nærområdet til sentrum.

Map    

Klantenovi 12

Date:
14.12.2022
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:45h
Distance:
3.9km

Målet om ein tur til Klantenovi kvar måned i 2022 nådd. Eg går ulike ruter her innimellom. No blei det litt systematikk. Ved å gå opp til topp-punktet, ein gong kvar månad, sikra eg meg 1440 ekstra meter primerfaktor. Avstikkaren frå stien over Klanten er 200 meter bort til topp-punktet. Overkommeleg �.Mobil utan dekning i dag. Ikkje gps-spor, sidan eg sletta PB-app i forsøk på å få den i drift. Den fann ikkje posisjon og kart.

Map     2 comments

Klantenovi 11

Date:
05.11.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.0km

November-turen til Klantenovi, i årets månads-prosjekt. Av det lette slaget, må leggast til. Men… topp er topp. No er det verkeleg haust, med mørkebrune løv på stien som hovud-ingrediens.

Map