Ekspedisjon Einar (07.08.2017)


Map
Ascents Hjelmelandsvarden (983m) 07.08.2017
Holevassegga (796m) 07.08.2017
Nordre Holevassegga (781m) 07.08.2017
Storegga nord for (936m) 07.08.2017
Trollvassnyken (958m) 07.08.2017

"Mamma, kan ein gå heim til Stårheim herifrå?" spurte Einar i vinter. Vi hadde vore på skitur på Harpefossen og Einar såg seg spørjande rundt. "Det kan vi sikkert, men det er nok litt langt." svara eg og heiv ski-par nummer fire og ein pulk inn i ein fullstappa bil.
Guten gløymde det ikkje og i heile sommar har vi vore i treningsmodus. Måndag var vi klare til ekspedisjon.

Turen gjekk fyrst frå Furuhogane til Kjenndalen. Her var det høgtidleg klipping av barnas turlagkortet og rekognisering av vidare rute. Vi snakka med nokre karar som meinte at vi hadde iallefall store nok sekkar til turen. Einar ca 5 kg og eg ca 20 kg. Eg var strålandes fornøgd med at eg hadde klart å få plass til alt eg trudde vi hadde bruk for, vekt hadde eg ikkje tenkt på då eg pakka.

Eg hadde mest lyst at turen skulle gå via Trevassdalen, men eg forstod fort at det kunne eg berre gløyme. Etter Kringlevatnet var futtet i beina brukt opp og vi slo leir ved råsa som går vidare mot Klovevatnet. Akkurat i tide. Eit par minutt etter at teltet var oppe fekk vi dei fyrste regndråpane. Det vart koking av middag og kortspel, pluss mykje moro med å lage til soveposar og liggeunderlag i eit pittelite to-mannstelt. Dette teltet er vel det einaste lettvektsproduktet vi eig. Einar bar dette, liggeunderlaget sitt og soveposen sin. I tillegg hadde han ansvar for kart og kompass. Ei god bør for ein 7-åring.
Om kvelden fekk vi oss ein fin kveldstur opp til næraste topp og såg utover morgondagens økt. Vel inne i teltet viste det seg at poden var blitt kliss våt på beina og eg vrei opp solane og hengde tunge ullsokkar til tørk.

Etter litt ruskete natteveir vakna vi på dag to der skodda sjølvsagt kom sigandes frå Sunnmøre. Vi laga god graut og somla grådig med solbærtoddy og kaffi. Einar fiska medan eg slo ned telt og pakka sekkar. I 12-13 tida tusla vi avgarde forbi Blåfjellsvatnet og ned til Klovevatnet. Det gjekk vel ca 10 minutt mellom kvar gong eg fekk spørsmål om vi kunne fiske. Matpausen ved Klovevatnet vart difor vel så mykje ei god og lang fiskeøkt. Ute på vatnet ploppa det i eit sett, og guten var heilt vill. I 16-tida klarte eg å mase meg til avgang. Vi vandra til enden av vatnet og byrja å sjå oss om etter ei rås til Støvelsvatnet. Det viste seg at her var det veg heilt opp til ein demning. Demninga såg eg på kartet, men eg ana ikkje noko om korleis vi skulle komme oss vidare. Kartet viste få høgdekvoter og ingen rås. Eg var ikkje heilt høg i hatten når eg leidde 7-åringen opp mot dei store svaberga. Då vi kom opp til vatnet fann vi heldigvis ei fin og tydeleg rås rundt kanten. Guten kom plutseleg på høgdeskrekken sin og var ikkje komfortabel i det heile. Med 20 kg på ein utrent rygg var eg ikkje heilt trygg sjølv. Men då eg sa at det var ingen skam å snu fekk eg kontra, "gi aldri opp, mamma!" Vi runda oss rundt ein liten kant og der fann vi eit lite paradis.

Leir 2
Leir 2

Vi slo leir og rakk fleire utforskingsrundar, gourmetmiddag og fisketur i eit svært flott tjønn. Ryggen svei, men gleda var stor. Den natta sov vi som steinar og vakna til tidenes morgon. Fantastisk soldag. Vi var einige om at vi ikkje kunne kaste vekk tid til fisking, men graut, solbærtoddy og kaffi måtte vi ha.

Room with a view.
Room with a view.
Frukost
Frukost

Vi traska oss avgarde og fekk litt panikk då vi kom fram til neste vatn. Høgre eller venstre. Høge kantar. Hjelmelandsvarden såg heilt vill ut der framme. Kunne ein 7-åring og ei sliten mamma klare å byksere seg fram? Vi gjekk opp på ein topp for å få litt dekning og fekk telefonkontakt med ein hyggeleg kjentmann. Vi kunne gå på begge sider, ingen problem. Vi lirka oss framover i terrenget og kom oss til slutt til enden av vatnet. Den skumle Hjelmelandsvarden såg plutseleg overkommeleg ut. På veg opp vart vi forbigått av ei hyggeleg dame som var mildt sagt var litt lettare enn oss i steget.

For ei utsikt. Einar strålar i kapp med sola.
For ei utsikt. Einar strålar i kapp med sola.

Etterpå gjekk vi vidare til Trollvassnykjen. No var Einar godt sliten, men eg oppmuntra med at "no er vi nesten heime". Det trudde eg og på. Men no starta den verste delen. Eg hadde sett meg ut ein stad på kartet der det sikkert var fint å gå ned. Til og med eit lite fiskevatn. Då vi nærma oss vart eg veldig usikker på grunn av store hamrar ned i vatnet. Korleis kome rundt det der med ein 7-åring og ein svært tung sekk? Og kva var nedanfor når kartet ikkje viste dette? Krisemaksimeringa mi førte til at vi svinga oss oppatt på høgfjellet og havna i ei kjempeflott rås. Denne er merka av Jørgen Botn fekk eg vite i etterkant. Ein av barndomens heltar på Støylen. Denne følgde vi til Holevasseggja. Då vi såg ned til Holevatnet fann eg ut at det var lurt å gå ned. Her hadde eg tross alt gått opp før med Stårheim skule. Dette måtte vere ein trygg og god stad. Vi kara oss ned mellom småhamrar og store steinar. Vi kom oss til slutt ned på ei sauerås som førte oss rett ned ein hinsides rygg med krattskog og hamrar. Dette gjekk ikkje. Vi måtte snu oppatt og forsøkte oss lenger heim. Etter mykje baksing og krangling med småbjørker klarte vi å kare oss ned ei steinur. Einar var heilt kaputt og eg var nok det same. Ved hjelp av GPS-en og kart frå ut.no kom vi oss inn på ei ny rås som leidde oss levande ned til myra. Der kom mamma oss i møte og gjett om vi var stolte. Einar fekk nye krefter og nærast sprang siste hundrede meterane. Eg har nok aldri vore så kry av noko som helst. For ein gut.

Ferdig med dritterrenget. Krattskog er pyton.
Ferdig med dritterrenget. Krattskog er pyton.
Helten min
Helten min

User comments

  • -
    avatar

    sjå her ja!

    Written by kobbenes 11.08.2017 08:03

    Eg tenkte det, når eg såg bileta på face, at du burde jo fått deg ein konto. Kjekt å lese, fin ekspedisjon!

    • -
      avatar

      Sv: sjå her ja!

      Written by vreks 11.08.2017 09:05

      Ja, oppretta konto for å få litt inspirasjon. No byrjar endeleg 7 år med turar rundt Hammeren å betale seg i fjellglad gut.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: sjå her ja!

        Written by kobbenes 11.08.2017 09:54
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.