To småtoppar på veg heim frå Halden (17.08.2014)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Map
Ascents Danserfjella (127m) 17.08.2014
Sør for Høyåsen (138m) 17.08.2014

På laurdag hadde vi program i Halden, og turen heim til Oslo i dag brukte vi bl.a. på å gjere to små avstikkarar frå E6. Tok av mot Svinndal i Råde. Hadde fått utskrift av o-kart frå Eirik, og vi fann presist fram heile vegen. Veldig moro å gå etter o-lart! Nokre meter sør for der kommuneskiltet til Våler står, går ein stikkveg med bom inn til venstre. Det var akkurat plass til å parkere ein bil utafor bommen, men ein kunne nok også løfte den opp og parkere innafor. Om ein lurar på om det er rett stikkveg, det var fleire å velje mellom, går det altså ei grøft med mykje vatn under i røyr nett her, og dessutan er det steinar og pinnar på høgre side malte blå. Vi gjekk rett på heile vegen i kjempevått terreng. Opp bakken, heldt til høgre i y-krysset (sjølv om den venstre stigen er betre), så gjennom klissblaute myrar, der Tom sokk ned til knærne med begge beina i den største og måtte streve for å få beina laus att. Opp ein flott mose- og grankledd bakke, utpå ei blaut myr til etter kvart, heldt til venstre for bergveggen og gjekk langs den i myra, så snart det var mogleg å gå opp, gjekk vi opp på bergryggen, og der var varden! Tok ikkje tida, men vi kan ikkje ha brukt særleg mykje meir enn 30-40 minutt? Nedatt prøvde vi å unngå litt myrar, så då følgde vi bergryggen ned på ei anna myr, også grusomt våt, strevde oss over og så ned berg og lyng til den store myra der Tom hadde plumpa. No kom vi ned der ruinane etter ei lita hytte står, der ser vi rett ned på myrtjønna i myra. Vi kryssa på betre måte, og så ned att til der det står ein blåmalt varde. For å unngå myra gjekk vi til høgre (sudover) for vi rekna med at den gode traktorvegen der, gjekk i ein boge og utgjorde den venstre armen i y-krysset vi starta ved. Det stemte. Litt lenger, men kjempefin traktorveg var betre enn myrar som i dag var heilt fulle av vatn. Ikkje regn medan vi gjekk. Neste topp var heilt annleis, køyrde forbi Pepperstad skog frå Vestby til Hauer gard, så mot sud til Austre Torp og så langt vegen gjekk. Følgde sola19 si beskriving, og det var ei tørr fin rute på berg og i lyng. Vi brukte kanskje 15-20 minutt opp og det same ned? Sjekka litt ruinane oppe ved Stokkholm, som eg på nett i bilen etterpå fann nemnd i ei kjelde frå 1742. Gamal plass dette altså.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.