Nibberittet: Geiranger - Dalsnibba 1476 moh (12.06.2004)

Written by josokbakke (Ole-Johann Jøsokbakke) GSM

Duration 2h 01min
Distance 20.7km
Vertical meters 1,522m
GPS
Ascents Dalsnibba (1,476m) 12.06.2004

Nibberittet 0-1500. Turritt frå Geiranger til Dalsnibba 1476moh. Vi reiste til Valldal natt til fredag. Kom fram klokka 5 om morgonen. Vi køyrde Trollstigen mutters aleine. Litt skodde og trollsk stemning. Fekk sove nokre timar utover dagen, og stod opp til nydelig vær!! Soling og avslapping ved vogna. Nydelig torskemiddag til kvelds på Fjellro. Laurdag var dagen. Nok ein flott dag. Passe temperatur. Var ganske nervøs før start. Angra og grudde meg. Såg opp mot dei høge fjella rundt. Opp dit!! .. Vel, det gjekk veldig bra. Eg hengde meg på nokon frå Stranda Sykkelklubb. Ei jente og tre kara. Karane måtte sleppe ein etter ein. Vi tok igjen ein del på veg opp til Djupvasshytta. Det var ingen som tok oss igjen etter Flydalsjuvet, så det var tydelig at då hadde alle funne sitt tempo. Etter at vi passerte Djupvasshytta på 1030moh. Kjende eg at kreftene var der, så då trakka eg meg forbi ho eg hadde hengt på heile tida. Og på dei siste BRATTE 5 kilomertra på grusveg opp til toppen tok eg igjen fleire. Mange gjekk og fleire såg ut til å ha det låkt... Eg kom på 36 plass av 52 i mi klasse på tida 1:57:32. Vinnartida i klassa var 1:16:32. So eg er svært godt nøgd med min eigen innsats! :-) Og so slo eg tida til B.I. frå i fjor med 28 sekund.. He.. he.. Vi e like gode. Ingen av oss gav alt, og fullførte med stil og verdigheit :-) Fin tur!!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.