Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 3 (11.07.2014)
Geschrieben von boven (Ove Lotsberg)
Startpunkt | Danielbu parkering (1.150m) |
---|---|
Endpunkt | Nord for Sandgroveggen (1.060m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 6h 30min |
Entfernung | 21,5km |
Höhenmeter | 1.500m |
Karte |
![]() |
Besteigungen | Bruåbottmillo (1.837m) | 11.07.2014 |
---|---|---|
Søndre Bruåbottmillo (1.810m) | 11.07.2014 | |
Middagshaugen (1.394m) | 11.07.2014 | |
Sandgroveggen (1.764m) | 11.07.2014 |
Dag 3: Vi starta igjen ved Danielbu og gjekk stien oppover. Tok snart av mot Bruåbottmillo som var dagens hovudmål, iallefall for familien. I forhold til ura oppover mot Kleneggen var det her mykje bedre å gå. Dette var veldig oppløftande sidan Lise skulle returnere her utan meg. Vi gadd ikkje gå bortom 1829-toppen sjølv om vi var veldig nær, og på returen gjekk eg nord for denne. Jaja, pyttsann. Mellom 1829 og 1837 møtte vi ein kar som var svært godt kjend i området. Han var frå Lesjaskog, bodde i Oslo, men hadde hytte i heimbygda. Han kunne fortelje at eit parti av Bruåbottmillo ein gong i framtida kanskje ville rase ut og feie vatnet under ned i Eikesdalen. Toppen av Bruåbottmillo var mykje flottare enn både Kleneggen og Kaldbottinden som vi var på dagen før. Vi såg det fjellpartiet han snakka om. Veldig luftig og flott her!
Etter lang matpause, bleieskift og altmuleg som må til skilde vi lag. Eg gjekk nordover Sandgroveggen. Rakk å irritere meg over den knuste glasflaska i toppvarden. Ubegripeleg kor mange vardar med knuste glasflasker eller tomme ølboksar ein må sjå. Frå denne gjekk eg nordaustover mot punkt 1440 og ned mot Ytste Bruåbotnen. Vart ein ganske dryg etappe for å plukke Middagshaugen, men du verden for eit flott område. Utsikt mot Eikesdalsvatnet, Breidfonntinden og veeeeeeldig mykje anna snadder. Unna meg nokre minutt ekstra på Middagshaugen, ganske sikker på at her kjem eg ikkje igjen. Lise stod parkert på avtalt plass der den gamle traktorveien kjem inn på vegen nord for Sandgroveggen. Ein fantastisk dag med sol og god kjølande vind.
Benutzerkommentare